Dette kan vere at ein går frå enkelmannsføretak til AS, det kan vere fusjon mellom fleire selskap eller andre årsaker som fører til at ein lyt endre selskapsform og med det få nytt organisasjonsnummer. 

Vi understrekar at løyvedokument er juridisk knytt til organisasjonsnummer og ikkje til person/eigar.

Vi vil også gjere ein merksam på at det etter Yrkestransportlova §28, ikkje er mogleg for ein løyvehavar å overlata løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta. 

Kva skjer dersom ein har avvikla eit føretak og ein har tenkt at ein kan ta med seg løyvedokument registrert på gamalt føretak inn i nytt føretak? 

Løyvemyndigheita vil få varsel frå Brønnøysundregisteret om at føretaket er sletta. Løyvemyndigheita vil då fatte vedtak om endelig tilbakekall av løyver som er registrert på det sletta føretaket. Dette då føretaket ikkje lenger driv fast og varig (eit av krava for å kunne vere innehavar av løyve). Som tidlegare sagt er løyver knytt til org.nr. og ikkje til person. Dette gjeld sjølv om tanken har vert å vidareføre løyvepliktig drift i nytt selskap.

Dette betyr at føretaket frå dato for sletting i Brønnøysundregisteret ikkje lenger kan drive med løyvepliktig transport. I vedtaket vil ein få informasjon om bakgrunn og om prosessen vidare for å skaffe seg nytt løyvedokument på det nye føretaket. Erfaringsmessigt er dette ein prosess som kan ta tid. Ein må rekne ca. 2 månader, dette på grunn av tida det tar å innhente all påkravd dokumentasjon.

Ein kan klage på dette vedtaket, men regelverket er klart, og det skal gode grunnar til for at klagen blir tatt til følgje.

Kva må eit føretak gjera dersom det kjem opp i ein slik situasjon?

Dersom eit føretak kjem opp i ein slik situasjon, lyt den ansvarlige i føretaket kontakte Nasjonal Transportløyveseksjon så raskt som råd er for å gi informasjon og for å få informasjon og rettleiing.

Omdanning av enkelmannsføretak til selskap

Ved omdanning frå enkelmannsføretak til anna selskapsform lyt ein søkje om nye løyver i det nye selskapet. Dersom det ikkje har vert meint å leggje ned transportdrifta, men kun endre organisasjonsform og det ikkje har vert eit faktisk opphald i drifta, treng ein ikkje dokumentere at vilkåra for fagleg kompetanse er oppfylt ved søknad om løyve. Dette gjeld dersom transportleiar er den same som innehavar av enkelmannsføretaket. Det presiserast at dette imidlertid kun gjeld dersom denne tidlegare reint faktisk har oppfylt kravet til fagleg kvalifikasjon og at det ikkje har vert eit opphald i transportdrifta.

Som dokumentasjon på at det ikkje har vert noko opphald må det leggjast ved regnskap frå og med oppstart av nytt firma og fram til søknadsdato, dersom enkeltmannsføretaket er avvikla.

I dei fleste tilfelle der enkelmannsføretaket er avvikla vil Nasjonal Transportløyveseksjon sende ut vedtaksbrev om tilbakekall av løyver. I slike tilfelle må ny søknad med oppdaterte politiattester og skatteattest samt regnskap sendes Nasjonal transportløyveseksjon innan 3 månader frå vedtaksbrevets dato.

Dersom det har vert eit faktisk opphald i drifta lyt ein søkje på vanleg måte. Det vil sei at både politiattestar, skatteattest og dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon må sendast inn saman med søknadsskjemaet.

Ved fusjon mellom selskap

Det er ikkje mogleg å overføre løyver frå overdratt selskap til overtakande selskap. Dersom ein ønskjer å behalde det tal løyver som det overdratte selskapet var innehavar av, lyt ein søkje om dette i det overtakande selskapet. Ein lyt søkje på vanleg måte. Det vil sei at både politiattestar, skatteattest, garantierklæring og eventuelt dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon for transportleiar må sendast inn saman med søknadsskjemaet.

Vi gjer ein merksam på at det i ein slik situasjon vil vera lurt å søkje om nye løyver før fusjon er gjennomført. Dette for å ein skal kunne fortsette normal drift etter fusjonen. Det kan også føre til at ein ikkje treng å dokumentere fagleg kompetanse for transportleiar, dersom denne skal vere den same i overtakande selskap som i overdratt selskap.

Start i god tid, erfaringsmessigt er dette ein prosess som kan ta litt tid. Vi ser at det fort kan ta rundt 2 månader før all nødvendig dokumentasjon er på plass.

Etter at ein har motteke nye løyvedokument utstedt på overtakande selskap, kan ein fullføre prosessen rundt fusjonen og avvikling av overdratt selskap.

Nytt selskap

Det er ikkje mogleg å overføra løyver frå gamalt selskap til nytt selskap. For eksempel frå AS til nytt AS eller frå AS til ANS. Dersom ein ønskjer å halde fram med løyvepliktig transport i det nye selskapet lyt ein søkje om nye løyver i dette. Ein lyt søkje på vanleg måte. Det vil sei at både politiattestar, skatteattest, garantierklæring og eventuelt dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon for transportleiar må sendast inn saman med søknadsskjemaet.

Vi gjer ein merksam på at det i ein slik situasjon vil vera lurt å søkje om nye løyver før avvikling av gamalt selskap. Dette for at ein skal kunne fortsette normal drift i nytt selskap. Det kan også føre til at ein ikkje treng å dokumentere fagleg kompetanse for transportleiar, dersom denne skal vere den same i nytt selskap som i det gamle selskapet.

Etter at ein har motteke nye løyvedokument utstedt på overtakande selskap, kan ein fullføre prosessen rundt avvikling av gamalt selskap.

Konsekvensen dersom det vert avdekka at ein driv med løyvepliktig transport med ugyldig løyve.

For å kunne drive transport mot vederlag lyt føretaket vere innehavar av gyldig løyve. Dersom ein gjennomfører løyvepliktig transport og nyttar løyvedokument til eit selskap som er avvikla vil ein kunne oppleve å verta ilagt ein eller fleire sanksjonar ved ein kontroll. Føretaket lyt stanse all løyvepliktig transport fram til ein har fått på plass nye gyldige løyvedokument i føretaket. Å drive transport mot vederlag utan løyve er straffbart. Verste konsekvens er at ein kan mista retten til å drive med løyvepliktig transport i fleire år. Samstundes er ikkje transporten dekt av garanti og ein vert sjølv økonomisk ansvarleg dersom det skulle oppstå noko under transporten.