For å unngå problem ved ein eventuell kontroll langs veg vil det vere lurt å ha løyvedokument med rett firmanamn.

Transportør som endrar firmanamn, bør sende inn skjema til oss for å melde frå om denne endringa.

Transportør som er innehavar av gamle nasjonale løyvedokument eller gamle internasjonale løyver:

Når løyvemyndigheita mottek skjema for namneendring, vil det innan kort tid skrivast ut følgebrev tilsvarande det tal aktive løyver som er registrert på transportør. Følgebrevet stadfestar denne namneendringa overfor kontrollmyndigheita.

Transportørar som er innehavar av det nye fellesskapsløyvedokumentet:

Når løyvemyndigheita mottek skjema for namneendring, vil det bli utstedt duplikat av hovuddokument med nytt firmanamn, det blir også utstedt likt tal nye kopiar med nytt firmanamn. Dei gamle fellesskapsløyvedokumenta med gamalt namn vil bli satt ugyldige.

Vi ber om at gamle løyvedokument vert sendt i retur til oss via post.

Skjema for namneendring finn du under menyvalet skjemaer.

Skjemaet for namneendring kan sendast per post:

Statens vegvesen, Region vest
Nasjonal transportløyve
Postboks 43
6861 Leikanger

eller via e-post til: firmapost-vest@vegvesen.no