I ulike samanhengar må du nytte eit eller fleire av desse skjemaa når du er i kontakt med Statens vegvesen i samband med transportløyve.

Dette kan vere ved namneendring på firma, endring av dagleg leiar eller transportleiar, ved reduksjon eller opphøyr av drift, ved tap av løyvedokument eller ved søknad om løyve.

Krav om politiattest

Vi gjer ein merksam på at vi ikkje ønskjer å få tilsendt politiattest via e-post. Dette på grunn av at e-post ikkje er ein sikker kanal. Uvedkommande kan eventuelt fange opp sensitive opplysningar som kan stå der. Det er eit krav om at løyvemyndigheita skal ha original politiattest. Sakshandsaming vert ikkje starta før denne er mottatt. Derfor MÅ denne sendast per post.