Her finner du informasjon om godkjente utdanninger for transportledere.

Viktig informasjon om endring i læreplan for vg1 service og samferdsel, med virkning fra 1. august 2016

Før 1. august 2016 gjelder følgende programfag:

Løyveutdanninga etter kunnskapsløftet er samansett av fem deler: 

  1. Programfaget: Bransjeteknikk frå Vg2 Transport og logistikk
  2. Programfaget: Transport og logistikk frå Vg2 Transport og logistikk
  3. Programfaget: Planlegging frå Vg1 Service og samferdsel
  4. Programfaget: Drift og oppfølging frå Vg1 Service og samferdsel
  5. Teoridelen til førarprøven klasse C1 eller D1

Det vert krevd ståkarakter i alle delane for å få godkjent løyveutdanning.

For del 1 Bransjeteknikk vil teoretiske kompetansemål vere tilstrekkeleg for å få godkjent løyveutdanninga.

For del 4 Drift og oppfølging vil følgjande kompetansemål vere tilstrekkelege for å få godkjent løyveutdanninga: 

  • føre og avslutte enkle rekneskap for små verksemder og påpeike avvik mellom budsjett og rekneskap
  • bruke sentrale krav som regelverket stiller til økonomiske forhold i små verksemder
  • utføre sentrale kontoradministrative rutinar og handtere ulike former for betalingsmiddel 

Leiing og økonomisk styring

I staden for del 3 og 4 kan søkjaren leggje fram vitnemål med ståkarakter til eksamen frå Leiing og økonomisk styring, som er eit nasjonalt valfag etter læreplanverket for vidaregåande opplæring (Reform 94).

Kryssløp frå Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Ein søkjar som har tatt Vg2 Transport og logistikk i kryssløp frå Vg1 Teknikk og industriell produksjon må i tillegg oppnå kompetansemål frå Vg1 Service og samferdsel. Han eller ho må oppnå alle kompetansemåla i del 3 Planlegging og dei ovannemnte kompetansemåla i del 4 Drift og oppfølging.

Teorikravet til førarprøven

Del 5 Teorikravet til førarprøven gjeld førarkortklassane C1 eller D1. Om søkjaren ikkje har førarkort som inkluderer klasse C1 eller D1, må søkjaren leggje fram dokumentasjon for godkjent teoriprøve. Ver merksam på at dette teorikravet til førarprøven berre gjeld i høve til dei utdanningsvegane som er knytte til læreplanane etter Vg2 Transport og logistikk i Kunnskapsløftet.

For alternative utdanningsvegar er kravet bestått teoretisk førarprøve for klasse C, CE og D. Søkjaren kan gjennomføre løyveutdanninga enten som skuleelev eller som privatist.

Fjernundervisning

I staden for vitnemål frå den vidaregåande skulen kan søkjaren leggje fram kompetansebevis/vitnemål frå ein av departementet godkjente fjernundervisningsinstitusjonar.

Departementet har godkjent desse fjernundervisningsinstitusjonane for del 1-4 i løyveutdanninga:

  • NKI Fjernundervisning
  • Kompetanseteam Vest AS

Alternative utdanningsveier, eksamen må være bestått:

Skuleløpet

Transportfag VK I + ledelse og økonomisk styring + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Privatister

Offentlig skule, eksamen i VK I, faga samferdsel, persontransport og godsbehandling, + eksamen ledelse og økonomisk styring + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Fagarbeider

Fagbrev som yrkessjåfør, terminalarbeider og renovatørarbeider som bygger på Transportfag VK I + ledelse og økonomisk styring + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Privatskoleløpet

NKI Fjernundervisning eller Kompetanseteam Vest AS i faga samferdsel, persontransport, godsbehandling, ledelse og økonomisk styring (vitnemål datert etter 1.8.2002) + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Fritak

Følgende utdanningsløp eller eksamenar gir fritak som beskriven nedanfor:

Realkompetansevurdering

Kandidatar som er 25 år eller eldre på søkjartidspunktet, kan framstille seg for dei respektive fylkeskommunars undervisningskontor for ei vurdering av sin realkompetanse, sjå opplæringsloven § 4A-3. Dette vil kunne vera aktuelt for personer med anna yrkesbakgrunn og/eller opplæring, som for eksempel det gamle løyvekurset til NKI. Fylkeskommunen vil utstede eit realkompetansebevis som beskriv kva kompetanse kandidaten reknast å ha oppfylt. Kandidaten vil då kunne søkje om løyve på bakgrunn av tilstrekkeleg realkompetanse eller framstille seg til eksamen i kun dei manglande delane.

Høgskuleutdanning

  • Høgskulen i Molde: Transportøkonomi, 2 år + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.
  • Høgskulen i Sør-Trøndelag: Transportingeniør, 3 år + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.
  • Høgskulen i Bergen: Transport og materialadministrasjon, 3 år + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.
  • Høgskulen i Tromsø: Økonomi og logistikk, 2 år + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.
  • Teknisk fagskule
  • Teknisk fagskule med vekt på logistikk og transport basert på gjeldande læreplan for teknisk fagskule + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Statens trafikklærarskule

  • Utdanning som faglærar eller køyrelærer klasse 1 frå Statens trafikklærarskule gir rett til fritak for løyveutdanningas del 1-3.
  • Skuleleiarutdanninga og Fagleg leiar utdanninga ved Statens trafikklærarskule gir rett til fritak for løyveutdanningens del 4. + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.

Transportadministrasjon

Eksamen i fordjupningsfaget transportadministrasjon i studieretning allmennfag, økonomiske og administrative fag + teoridelen til førarprøven klasse C, CE og D.