Dersom gyldig-til-datoen som står på førarkortet ditt, er hundreårsdagen din, kan du sjå når du seinast må fornye det her.

Rosa førarkort større enn bankkort (Wien-modell 1 og 2)

Er førarkortet ditt utferda i perioden 1. april 1979 til og med 31. desember 1997, er det ikke lenger gyldig. Førarkortet var gyldig til og med 31. desember 2022.

Frå og med 1. januar 2023 kan du ikkje lenger køyra når du har dette førarkortet. For å kunna køyra igjen må du fornya førarkortet.

Rosa førarkort i bankkortstorleik (EØS-modell 1)

Vart førarkortet ditt utferda i perioden 1. januar 1998 til og med 18. januar 2013, må du fornye det senest 18. januar 2033.

Viss du fyller 80 år før 18. januar 2033

Fyller du 80 år før 18. januar 2033, må du fornye førarkortet før du fyller 80 år.

Korleis fornyar du førarkortet?

Du må ta nytt bilete for å fornye førarkortet ditt. Biletet tek du på ein trafikkstasjon.

Bestill time på trafikkstasjonen for å fornye førarkortet, så slepp du å vente . Ta med gyldig legitimasjon.

Bestill time på trafikkstasjon

Sjå kva det kostar å få utskrive førarkort og teke bilete til førarkortet i prisoversikta