Med førarkort for klasse D kan du køyre ein buss som er godkjend for fleire enn 8 passasjerar.

Du må vere minst 24 år og ha førarkort for klasse B for å ta førarkort for klasse D.

Du kan vere yngre enn 24 år dersom du har starta på eller fullført obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet

Buss

Du kan køyre ein buss som er godkjend for fleire enn 8 passasjerar. Han kan vere over 8 meter lang.

Du kan køyre leddbuss.

Førarkort for klasse D gjeld òg for minibuss. På førarkortet er dette markert som klasse D1.

Buss med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar som har ei tillaten totalvekt på maks 750 kg. Dersom du vil trekkje ein tyngre tilhengjar, må du ta klasse DE.

Med klasse D tatt før 1. januar 1997 (kode 132)

  • Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt på maks 2 000 kg i Noreg.
  • Du kan trekkje ein tilhengjarreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg i Noreg.
  • Utanfor Noreg kan du trekkje ein tilhengjar eller ein tilhengjarreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.

Motorreiskap

Med klasse D tatt før 1. januar 2005 (kode 140)

Du kan køyre motorreiskap utan avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.

Skal du transportere passasjerar mot betaling?

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere passasjerar mot betaling med buss.

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sist oppdatert: