Med førarkort for klasse AM kan du køyre moped med to, tre eller fire hjul. Førarretten kan vere avgrensa med ein kode.

Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse AM. Det er ikkje tillate å køyre moped utan mopedførarbevis eller førarkort som gir deg rett til å køyre moped.

Informasjon om mopeden, som eigenvekt og køyretøytype, står i vognkortet.

Moped

Du kan køyre moped med to, tre eller fire hjul. Kva type du kan køyre, avheng av om det er ein kode ut for klasse AM i førarkortet ditt, eller om du har mopedførarbevis. Mopedførarbevis vart utferda fram til 2005.

Du kan ikkje trekkje tilhengjar med ein moped. Ein moped må ikkje kunne køyre fortare enn 45 km/t.

Med kode 145 eller 146 eller mopedførarbevis

Du kan køyre ein moped med to hjul. Du kan køyre ein moped med tre eller fire hjul dersom han har ei eigenvekt på maks 150 kg. Dersom han køyrer på el, skal du ikkje rekne vekta av batteria med i eigenvekta.

Førarkort for klasse A1 gjeld òg for klasse AM 146.

Med mopedførarbevis har du berre førarrett i Noreg. Du kan køyre i andre land dersom du byter mopedførarbeviset til førarkort for klasse AM 146. For å byte mopedførarbeviset til klasse AM 146 må du fylle ut eit søknadsskjemaet på papir (PDF) og sende det til den lokale trafikkstasjonen din.

Dersom du er fødd før 1985 kan du få førarkort for klasse AM 145 utan opplæring eller prøve.

Med kode 147 (klasse AM 147)

Du kan køyre ein moped med tre eller fire hjul uavhengig av eigenvekta hans

Veien til førarkortet, moped med 3 eller 4 hjul –  klasse AM 147

Med klasse AM utan kode

Du kan køyre alle typar moped med to, tre eller fire hjul.

Du får klasse AM dersom du

  • tar førarkort for klasse A1 og har fylt 18 år
  •  tar førarkort for klasse A2, A eller B
  •  tar førarkort for både klasse AM 146 og AM 147

Mopedbil

Du kan køyre mopedbil dersom du har kode 147. Sjå over. 

Ein mopedbil ser ut som ein vanleg bil. Han har karosseri, ratt og pedalar, men er registrert som moped.

ATV

Du kan køyre ATV som er registrert som moped. Då gjeld dei same reglane som for moped.

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar.

Sist oppdatert: