Med klasse A kan du blant anna køyre tung motorsykkel med eller utan sidevogn.

Du kan utvide til klasse A før du fyller 24 år dersom du har hatt klasse A2 i minst to år.

Informasjon om motorsykkelen, som slagvolum og effekt, står i vognkortet.

Tung motorsykkel

Du kan køyre ein tung motorsykkel med eller utan sidevogn.

Motorsykkel med tre hjul

Du kan køyre ein motorsykkel med tre hjul som har ein effekt på maks 15 kW.

Du kan køyre ein motorsykkel med tre hjul som har ein effekt på over 15 kW dersom du har fylt 21 år.

Motorsykkel med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengar etter motorsykkelen dersom motorsykkelen er godkjend for det.

Førarrett for motorsykkel med tilhengjar gjeld berre i Noreg.

Mellomtung motorsykkel

Du kan køyre ein tung motorsykkel med eller utan sidevogn dersom

  • motorsykkelen har ein effekt på maks 35 kW
  • forholdet mellom effekt og eigenvekt er maks 0,2 kW/kg

Er motorsykkelen nedtrimma, kan den opphavlege effekten maks ha vore det dobbelte av noverande effekt.

På førarkortet er dette markert med klasse A2.

Lett motorsykkel

Du kan køyre ein lett motorsykkel med eller utan sidevogn dersom

  • motorsykkelen har eit slagvolum på maks 125 cm3
  • motorsykkelen har ein effekt på maks 11 kW

På førarkortet er dette markert som klasse A1.

Moped

Du kan køyre alle typar moped med to, tre eller fire hjul. På førarkortet er dette markert som klasse AM.

Snøscooter

Med førarkort tatt før 1. juli 2006

Du kan køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede.

På førarkortet er dette markert som klasse S.

Førarrett for snøscooter gjeld berre i Noreg og Sverige.

Vil du ta førarkort for klasse A?

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sist oppdatert: