Med klasse T kan du blant anna køyre traktor og motorreiskap. Klassen gir deg berre rett til å køyre i Noreg.

Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse T.

Sjå korleis du får førarkort for klasse T.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Informasjon om kodar på førarkortet

Ein kode ut for klasse T på førarkortet ditt avgrensar eller utvidar førarretten din i klasse T. Har du to kodar ut for klasse T, gjeld begge.

Eksempel dersom du har både kode 143 og 144:

  • Fordi du har kode 143, kan du køyre ein traktor med tilhengjar utan avgrensing på kort fort han kan køyre. Tilhengjaren kan ha ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.
  • Fordi du har kode 144, kan du likevel trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg, men då må traktoren maks kunne køyre 40 km/t.

Traktor

Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Traktoren må maks kunne køyre 40 km/t, og den tillatne totalvekta for traktoren og tilhengjaren til saman kan maks vere 25 000 kg.

Vektgrensa fell bort når du har hatt klasse T i to år eller har fylt 21 år.

Dei ulike kodane avgrensar og utvidar førarretten din på følgjande måtar:

Kode 141 – høgare fart

Har du kode 141 på førarkortet, kan du køyre ein traktor som har ein maksfart på 50 km/t. Du får kode 141 ved å ta eit kurs på ein trafikkskule.

Kode 142 - inga avgrensing på vekt eller maksfart

Har du kode 142 på førarkortet, er det inga avgrensing på vekt eller maksfart. Du får kode 142 ved å ta klasse CE.

Dersom du tok førarkort for traktor eller bil før 1. januar 2005, har du òg kode 142.

Kode 143 – avgrensa tilhengjarvekt, inga avgrensing på maksfart

Har du kode 143 på førarkortet, er den tillatne totalvekta for tilhengjaren 750 kg. Det er inga avgrensing på kor fort køyretøyet maks kan gå. Du får kode 143 ved å ta klasse C.

Kode 144 – avgrensa samla tillaten totalvekt

Har du kode 144 på førarkortet, kan den tillatne totalvekta for traktoren og tilhengjaren samla vere maks 25 000 kg. Maksfart kan ikkje vere meir enn 40 km/t. Du får kode 144 ved å ta klasse BE.

Kode 148 – høgare maksfart, avgrensa samla tillaten totalvekt

Har du kode 148 på førarkortet, kan du køyre ein traktor som har ein maksfart på 50 km/t. Den tillatne totalvekta for traktor og tilhengjar til saman kan maks vere 25 000 kg. Du får kode 148 dersom du har kode 144 og tar eit kurs på en trafikkskule.

Kode 147 og kode 149 – førarrett for moped med tre eller fire hjul

Sjå avsnittet om moped med tre eller fire hjul. Når du tar klasse T, får du kode 147 dersom du er over 18 år, og kode 149 dersom du er under 18 år.

Motorreiskap

Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.

Motorreiskapen må maks kunne køyre 40 km/t, og den tillatne totalvekta for motorreiskap og tilhengjar til saman kan maks vere 25 000 kg.

Vektgrensa fell bort når du har hatt klasse T i to år eller har fylt 21 år.

Står det ein eller fleire kodar ut for klasse T på førarkortet, gjeld desse òg for motorreiskap. Vi har forklart kodane i avsnittet om traktor.

Om du har du klasse T utan koder, kan du i tillegg køyre ein motorreiskap, med eller utan tilhengjar, som ikkje er innretta for transport av personar eller gods. Han må ikkje kunne køyre fortare enn 30 km/t.

ATV

Du kan køyre ATV som er registrert som traktor. Då gjeld dei same reglane som for traktor.

Moped med tre eller fire hjul

Du kan køyre alle typar moped med tre eller fire hjul.

Dersom eigenvekta til mopeden (vekt utan førar) er over 150 kg, må du vere minst 18 år. Dersom han køyrer på el, skal du ikkje rekne vekta av batteria med i eigenvekta.

Snøscooter

Med klasse T tatt før 1. juli 2006

Du kan køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede.

På førarkortet er dette markert som klasse S.

Førarrett for snøscooter gjeld berre i Noreg og Sverige.

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar.