Ved ei tilrettelagd teoriprøve (munnleg teoriprøve) sit du saman med ein sensor i eit eige rom.

Du får hjelp av sensor

Ved ei tilrettelagd teoriprøve (munnleg teoriprøve) sit du saman med sensor i eit eige rom. Prøva vil bli tilpassa deg og dei behova du har, men målet er at sensor skal hjelpe deg å forstå spørsmåla og svaralternativa.

Lydstøtte

Ønskjer du berre å få lest opp oppgåvene og svaralternativa på bokmål, uten å vere på eit eige rom, er dette tilgjengeleg utan å søkje om tilrettelagd teori. Du kan be om å få delt ut hovudtelefonarpå trafikkstasjonen. 

Du må leggje ved dokumentasjon når du søkjer

Når du søkjer om tilrettelagd teoriprøve må du leggje ved dokumentasjon. Det kan vere frå fastlegen din, logoped, PP-tenesta eller ein lærar som kan stadfeste at du treng tilrettelegging.

Gjennomføring av tilrettelagd teoriprøve på engelsk

Ønskjer du å gjennomføre tilrettelagd teoriprøve med sensor på engelsk, kan dette gjerast på enkelte trafikkstasjonar. Finn du ikkje den lokale trafikkstasjonen din på lista må du søkje om tilrettelagd teori med tolk og sensor.

Trafikkstasjonar med tilbod om engelsktalande sensor

Trafikkstasjonar i aust

Trafikkstasjonar i midt

Trafikkstasjonar i vest

Slik går du fram for å få tilrettelagd teoriprøve

Søk om førarkort

Du må søkja om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve.

Søk om førarkort

Søk om tilrettelagd teoriprøve

Fyll ut dette skjemaet for å søkje om å ta tilrettelagd teoriprøve. Du kan ikkje bestille time før søknaden er godkjend. 

Dei fleste får svar på søknaden sin innan to veker, men det kan ta opptil fire veker.

Søk om tilrettelagd teoriprøve

Bestille time til teoriprøve 

Når søknaden din er godkjend, må du logge inn på Di side for å bestille time til teoriprøve.

Bestill time

Tilrettelagd teoriprøve