Kva må du vite om oppkøyring for drosje?
Du må ta teoriprøva før oppkøyring, men det er ikkje krav om at teoriprøva er bestått. Du må bestille time før oppkøyring. Dette kan du gjere på Di side.
Du kan køyre opp ved desse trafikkstasjonane:
Alta, Bergen, Bodø, Bærum/Asker (Billingstad), Drammen, Førde, Hafslund (Sarpsborg), Haugesund, Kirkenes, Kristiansand, Lillehammer, Lillestrøm, Mo i Rana, Molde, Skien, Stavanger, Tromsø, Trondheim, Tønsberg
Før du køyrer opp
Du må sjølv sørge for bil til oppkøyringa. Bilen må
- anten vere registrert som drosje, og ha GPS tilgjengeleg. Det er ikkje krav om at bilen har taksameter.
- eller vere godkjend for oppkøyring i klasse B, ha fire dører, så god plass i baksetet at det er lett å montere ein barnestol, og ha GPS tilgjengeleg. Slik bil får du leigd hos ein trafikkskule.
Slik går prøva føre seg
Du må vise gyldig legitimasjon når du møter opp. Prøva varer i 65 minutt.
Prøva blir gjennomført på norsk
Du må være såpass god i norsk at du kan forstå oppgåvene du får, svare på desse og samtale med sensor på norsk.
Førebu deg på desse oppgåvene:
- Du skal trille ein person i rullestol eit lite stykke, for eksempel over ein fortauskant.
- Du skal forklare eller vise korleis du kan sikre stolen med personen i ein bil.
- Du skal forklare eller vise korleis du sikrar eit barn eller ein annen person i bilen.
- Du skal kontrollere at bilen er i forsvarleg og forskriftsmessig stand før du køyrer.
- Du skal svare på spørsmål om eller utføre nokre enkle kontrollar av sikkerheita.
- Du skal gjennomføre tre køyreoppdrag mot oppgitte mål, delvis ved hjelp av GPS. Kvart oppdrag tar ca. 10 minutt.
Sensoren gjer ei samla vurdering av oppkøyringa di når du har fullført prøva.
Det blir lagt vekt på at du:
- kan ta deg av og sikre ulike slags passasjerar på ein god måte.
- har gode rutinar for å kontrollere om bilen er i god stand.
- køyrer behageleg og økonomisk, og kjem effektivt fram til målet.
- køyrer trafikksikkert og i god samhandling med andre trafikantar.
Du får eit skriftleg vedtak når prøva blir bestått
Etter prøva får du vite om du bestod eller ikkje med ein gong. Du får også tilsendt eit skriftleg vedtak med grunngjeving.
Når du har bestått prøva, kan du søkje politiet om å få køyresetel. Du må leggje ved det skriftlege vedtaket, som viser at du har bestått teoriprøva og oppkøyringa.