Du kan fornye kompetansebeviset ditt utan å køyre opp i inntil eitt år etter at kompetansebeviset ditt gjekk ut.

Inntil eitt år etter at kompetansebeviset gjekk ut, kan du fornye det på ein trafikkstasjon.

Dersom du vil unngå ventetid må du bestille time på ein trafikkstasjon.

Bestill time

Når du møter opp på trafikkstasjonen må du ha med gyldig legitimasjon

Du kan ikkje ha fylt 70 år. I tillegg må du ha med:

  • Ein helseattest som viser at du oppfyller helsekrava for førarkortgruppe 3, inkludert kompetansebevis. Helseattesten får du hos ein lege. I nokre tilfelle må du også levere synsattest frå ein optikar eller øyelege.
  • Dokumentasjon på arbeidsforhold som gir deg behov for å køyre utrykking.

Køyrer du utrykking i samband med frivillig arbeid?

Køyrer du utrykking i samband med frivillig arbeid må du ta med dokumentasjon på at den aktuelle organisasjonen har avtale om beredskap, der dei skal kunne køyre utrykking i form av hasteoppdrag. Det kan også vere dokumentasjon som viser avtalar der AMK-sentralar rekvirerer til akuttoppdrag.
Sjå også: Førarkortrettleiar frå Helsedirektoratet

Vil du fornye eit bevis som gjekk ut for over eitt år sidan?

Du må levere dokumentasjonen som er nemnd over, på ein trafikkstasjon og gjere følgjande:

  • Er det mellom eitt og tre år sidan beviset ditt gjekk ut, må du køyre opp.
  • Er det over tre år sidan beviset ditt gjekk ut, må du gjennomføre opplæring hos ein godkjend kursarrangør og køyre opp. Last ned: Godkjende kursarrangørar for utrykking (PDF)

Du kan ikkje fornye kompetansebeviset for utrykking når du har fylt 70 år.