Du kan fornye kompetansebeviset ditt utan å køyre opp i inntil eitt år etter at kompetansebeviset ditt gjekk ut.

Inntil eitt år etter at kompetansebeviset gjekk ut, kan du fornye det på ein trafikkstasjon.

Bestill time for å fornye kompetansebeviset, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.

Bestill time

Når du møter opp på trafikkstasjonen må du ha med gyldig legitimasjon

Du kan ikkje ha fylt 70 år. I tillegg må du ha med:

  • Ein helseattest som viser at du oppfyller helsekrava for førarkortgruppe 3, inkludert kompetansebevis. Helseattesten får du hos ein lege. I nokre tilfelle må du også levere synsattest frå ein optikar eller øyelege.
  • Dokumentasjon på arbeidsforhold som gir deg behov for å køyre utrykking.

Køyrer du utrykking i samband med frivillig arbeid?

Køyrer du utrykking i samband med frivillig arbeid må du ta med dokumentasjon på at den aktuelle organisasjonen har avtale om beredskap, der dei skal kunne køyre utrykking i form av hasteoppdrag. Det kan også vere dokumentasjon som viser avtalar der AMK-sentralar rekvirerer til akuttoppdrag.
Sjå også: Førarkortrettleiar frå Helsedirektoratet

Vil du fornye eit bevis som gjekk ut for over eitt år sidan?

Du må levere dokumentasjonen som er nemnd over, på ein trafikkstasjon og gjere følgjande:

  • Er det mellom eitt og tre år sidan beviset ditt gjekk ut, må du køyre opp.
  • Er det over tre år sidan beviset ditt gjekk ut, må du gjennomføre opplæring hos ein godkjend kursarrangør og køyre opp. Last ned: Godkjende kursarrangørar for utrykking, bokmål (PDF)

Du kan ikkje fornye kompetansebeviset for utrykking når du har fylt 70 år.