Du må oppfylle krav til alder, helse og førarrett før du kan få opplæring til kompetansebevis. Du må også dokumentere behovet for å køyre utrykking.

Før du kan få opplæring til kompetansebeviset

Du må:

  • oppfylle helsekrava for førarkortgruppe 3 med kompetansebevis
  • ha fylt 20 år
  • ha hatt førarrett for personbil klasse B samanhengjande dei siste 2 åra
  • kunne dokumentere arbeidsforhold eller frivillig arbeid som gir deg behov for å køyre utrykking

Du må levere originalversjonen av helseattesten

Du må levere helseattest til kursarrangøren, eller levere eller sende han i posten til ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen. Helseattesten får du hos ein lege. I nokre tilfelle må du òg levere synsattest frå ein optikar eller øyelege. Dette avklarar du med legen din.

Vi må ha originalversjonen av attesten din. Han kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi tar imot han.

Opplæring

Du må gjennomføre obligatorisk opplæring for utrykkingskøyring, og bestå teoriprøve og oppkøyring. Opplæringa tar du hos ein godkjend kursarrangør.

Godkjende kursarrangørar (PDF, Bokmål)

Teoriprøve

Du kan ta teoriprøva for utrykking når du har gjennomført opplæringa til og med trinn tre. Kursarrangøren må ha meldt inn opplæringa til Statens vegvesen, og helseattesten må vere levert inn.

Du må bestille time til teoriprøva. Prøva tar du på ein trafikkstasjon. Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale for prøva.

Bestill time på ein trafikkstasjon

Oppkøyring

Du kan ta oppkøyring for utrykking når du har avlagt teoriprøva og gjennomført all obligatorisk opplæring. Kursarrangøren må også ha meldt inn opplæringa til Statens vegvesen. Det er kursarrangøren som bestiller oppkøyring for deg. Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale for prøva.

Du må bestå teoriprøva innan tre månader etter du har bestått oppkøyringa.
Når du har gjennomført opplæringa og bestått prøvene, får du utferda eit nytt førarkort med kode 160.

Sist oppdatert: