Skal du avregistrere bilen din? Trafikkstasjonene er bare åpne for deg som har bestilt time. Noen trafikkstasjoner har skiltluke hvor du kan levere inn skiltene. Sjekk om trafikkstasjonen har skiltluke før du drar. 

Se om du kan levere skilt ved din trafikkstasjon eller bestill time

Skal du vrake bilen din, eller ikkje bruke han for ein lengre periode? Då må du levere skilta til ein trafikkstasjon.

Ønskjer du å avregistrere eit køyretøy, må du levere inn skilta til ein trafikkstasjon. Skilta blir oppbevarte gratis på trafikkstasjonen i seks månader. Etter seks månader blir skilta makulerte. Du kan også sende skilt i posten, til trafikkstasjonen si postadresse. Dei blir då avregistrerte frå den datoen du postla dei. Vognkortet beheld du sjølv.

Når du avregistrerer køyretøyet ditt, blir både forsikring og trafikkforsikringsavgifta automatisk sagde opp.

Hente ut skilt

Du kan hente ut skilta att på den trafikkstasjonen du leverte dei inn på. Har det gått meir enn seks månader, har dei vorte makulerte, og du må bestille nye skilt.

Før du kan hente ut skilta, må du ha

  • forsikra køyretøyet
  • godkjend EU-kontroll

Det kostar ingen ting å hente ut skilta.

Levere skilt etter vraking

Når du vrakar bilen din på ein godkjend vrakplass, får du utbetalt vrakpant frå Skatteetaten. Etter at bilen er vraka, må du levere skilta til ein trafikkstasjon.

Har køyretøyet ditt vorte avskilta av andre?

Det er Tollvesenet, Politiet og Statens vegvesen som har mynde til å avskilte køyretøy. Dette kan vere at manglar frå utekontroll ikkje er godkjende eller at «gamle» skuldige avgifter ikkje er betalte. Bilen kan også ha vorte avskilta på grunn av manglande omregistrering. 

Om det var på grunn av eit utferda bruksforbod at køyretøyet vart avskilta, må du betale eit gebyr på 1 730 kroner før du kan hente ut skilta.

Har køyretøyet vorte avskilta og du ønskjer å få tilbake skilta, må du syte for at

  • forsikringa er i orden
  • EU-kontrollen er godkjend
  • eventuelle andre forhold der det er utferda bruksforbod, er ordna opp i.

Har køyretøyet ditt vorte avskilta, blir skilta oppbevarte på ein trafikkstasjon i seks månader etter køyretøyet vart avskilta. Lurer du på kva for ein trafikkstasjon som oppbevarer skilta dine, kan du ta kontakt med oss.

Sist oppdatert: