Du kan sjølv avregistrere og registrere køyretøyet ditt på Di side når du ønskjer det.

Av- og påregistrer køyretøy Logg inn

Du kan også avregistrere og registrere køyretøy på ein trafikkstasjon. 

Du kan mellombels avregistrere køyretøyet ditt sjølv på Di side dersom du ikkje skal bruke det i ein periode.  Du treng ikkje levere inn skilta på avregistrerte køyretøy. Er du under 18 år, kan du finne kva reglar som gjeld for deg lenger ned på denne sida. 

Har du eit sesongkøyretøy eller eit anna køyretøy du ikkje skal bruke i ein periode, kan du spare forsikringsutgifter og trafikkforsikringsavgift ved å mellombels avregistrere det. Køyretøyet kan vere avregistrert så lenge du ønskjer det, og avregistrerte køyretøy treng ikkje å gå gjennom EU-kontrollar. 

Når du avregistrerer køyretøyet ditt, blir både ansvarsforsikring og trafikkforsikringsavgifta automatisk sagt opp. Har du andre forsikringar, som brann- eller tjuveriforsikring, tilrår vi at du kontaktar forsikringsselskapet ditt for å avklare kva forsikringar som framleis skal vere aktive. 

Har du nyleg registrert køyretøyet, kan du ikkje avregistrere det igjen før det har gått meir enn 14 dagar. Det må altså ha vore registrert i minst 15 dagar før du kan avregistrere det igjen. Det er unntak dersom køyretøyet vart registrert i samband med eit eigarskifte. 

Det er gratis å avregistrere køyretøy 

Det er gratis å avregistrere køyretøyet ditt – og å registrere det igjen - uansett kor lenge det har vore avregistrert. Det er unnatak dersom du ikkje har betalt omregistreringsavgift ved eigarskifte. Då må du betale omregistreringsavgifta når du registrerer køyretøyet. 

Du kan ikkje bruke køyretøyet ditt når det er avregistrert

Når køyretøyet er avregistrert, skal du ikkje bruke det. Køyretøyet blir uforsikra, og derfor kan du bli halden økonomisk ansvarleg dersom køyretøyet er i ei ulykke. Sidan køyretøyet er uforsikra er det også viktig at du ikkje parkerer det på offentlege plassar eller på andre stader der det kan forårsake skade.  

Sjølv om det ikkje lenger er noko krav om at skilta skal takast av når køyretøyet er avregistrert, tilrår vi framleis at du tar dei av eller markerer på ein annan måte at køyretøyet ikkje skal brukast. Du må også informere alle som kan bruke køyretøyet, om at det er avregistrert. 

Du kan registrere køyretøyet igjen på Di side

Når du har avregistrert eit køyretøy sjølv, kan du eller ein annan eigar registrere det att. De kan registrere køyretøyet sjølve på Di side når det har gyldig forsikring og alle andre vilkår for registrering er ok. Begge eigarane må godkjenne registreringa innan 10 dagar, anten på Di side eller på ein trafikkstasjon. 

Så lenge køyretøyet er avregistrert, får du ikkje varsel om EU-kontroll. Dersom fristen for godkjend EU-kontroll går ut i perioden køyretøyet er avregistrert, må det ha godkjend EU-kontroll før du kan registrere det.

Dersom fristen for EU-kontroll går ut, må du kjøpe prøveskilt for å køyre til ein godkjend verkstad og gjennomføre kontrollen.

Korleis avregistrere eit køyretøy når de er to eigarar

Dersom køyretøyet har to eigarar og skal avregistrerast må begge eigarar godkjenne avregistreringa innan 10 dagar, anten på Di side eller på ein trafikkstasjon. Hugs at du må bestille time før du møter opp på trafikkstasjon og ha med gyldig legimitasjon.

Same regel gjeld når køyretøyet skal påregistreres.

Er du under 18 år?

Er du under 18 år må du levere inn skilta for å kunne avregistrere køyretøyet ditt sjølv. 

For å avregistrere køyretøyet utan å levere inn skilta må foreldra dine møte opp på ein trafikkstasjon, legitimere seg og signere på erklæring om avregistrering. Dersom køyretøyet skal registrerast att, må foreldra dine møte opp på ein trafikkstasjon, legitimere seg og signere på skjemaet Stadfesting mindreårig eigar/medeigar (PDF). 

Dersom berre ein av foreldra dine møter opp på ein trafikkstasjon, må hen ta med og vise fullmakt og kopi av legitimasjon frå den andre forelderen. 

Fullmakta må innehalde: 

  • Namn på personen under 18 år 
  • Namn på fullmaktsgivar 
  • Namn på den som får fullmakt 
  • Tydeleg forklaring av kva fullmakta gjeld (døme; «eg … har foreldreansvar for den mindreårige, og gir med dette fullmakt til å registrere køyretøy tilhøyrande den mindreårige – medrekna å underteikne på registreringspapir på mine vegner.) 
  • Stad og dato 
  • Underskrift frå fullmaktsgivar 

Har køyretøyet ditt vorte avregistrert av andre?

Tolletaten, Politiet og Statens vegvesen har myndigheit til å avregistrere køyretøy. I slike tilfelle blir køyretøyet også avskilta. Køyretøy kan til dømes bli avregistrert dersom manglar frå utekontroll ikkje er retta opp eller at «gamle» skuldige avgifter ikkje er betalte. Køyretøyet kan også ha vorte avskilta på grunn av manglande omregistrering. 

Vart køyretøyet avskilta på grunn av bruksforbod, må du betale eit gebyr før du kan hente ut skilta. 

Er køyretøyet avskilta og du ønskjer å få tilbake skilta og registrere det igjen, må du sørgje for at 

  • forsikringa er i orden 
  • EU-kontrollen er godkjend 
  • eventuelle andre forhold der det er gitt bruksforbod, er ordna opp i

Skilta til køyretøy som er avskilta blir oppbevarte på ein trafikkstasjon i tre månader etter at køyretøyet vart avskilta. Lurer du på kva trafikkstasjon som oppbevarer skilta dine, ta kontakt med oss. 

Skal du vrake køyretøyet?

Når du vrakar eit køyretøy, blir det endeleg avregistrert. Du kan få utbetalt vrakpant frå Skatteetaten dersom vilkåra for dette er oppfylt.

Hugs å sørgje for at skilta til køyretøyet du vrakar ikkje blir misbrukt. Du kan la skilta følgje køyretøyet til vraking eller levere skilta inn på ein trafikkstasjon for makulering.