Visse tilhengjarar og campingvogner kan bli godkjende for Tempo 100. Det er Statens vegvesen som godkjenner.

Tempo 100-godkjenning gjer det tillate å trekkje enkelte tilhengjarar eller campingvogner i opptil 100 km/t. Dersom du har ein tilhengjar som er eldre enn fire år, må han ha ein godkjend EU-kontroll før du kan bestille kontroll for Tempo 100 hos Statens vegvesen. Tilhengjarar som er godkjende for Tempo 100 skal ha godkjend EU-kontroll kvart andre år på same måte som vanlege personbilar.

Det er også krav til bilen som skal trekkje hengjaren. Sjølv om tilhengjaren er godkjend for Tempo 100, kan du altså ikkje køyre i 100 km/t utan at trekkbilen er innanfor krava.

Du kan sjekke om bilen og tilhengjaren din kan bli godkjende for Tempo 100 i kalkulatoren under.

Frå 18. mars 2024 er det mogleg å køyre med norsk Tempo 100-godkjenning i Danmark. Du kan òg køyre med dansk Tempo 100-godkjenning i Noreg dersom tilhengjaren ikkje er norskregistrert. For meir informasjon om krav og vilkår les meir om internasjonale Tempo 100-ordningar.

Krav til tilhengjar og trekkbil

Bilen må ha ABS-bremsar og tillaten totalvekt på 3 500 kilo eller lågare. I tillegg er det vektkrav til kombinasjonen av bil og tilhengjar, slik at trekkbilen ikkje blir for lett i forhold til tilhengjaren. Det er også krav til utstyr som sikrar stabil og sikker køyring. Bremsar og støtdemparar på tilhengjaren, stabilisatorkopling mellom tilhengjar og trekkbil eller elektronisk stabilitetssystem på bilen kompenserer dersom bilen i utgangspunktet er for lett i forhold til hengjaren. Tilhengjarar utan bremsar kan ikkje bli godkjende for Tempo 100.

Slik får du tempo 100-godkjenning

1. Bruk kalkulatoren under for å sjå om tilhengjaren din kan godkjennast og om bilen din kan brukast som trekkbil i 100 km/t.

2. Gjennomfør godkjend EU-kontroll av tilhengjaren din, dersom den er meir enn fire år gamal. Det er viktig å gjennomføre EU-kontrollen før Tempo 100-godkjenninga, siden det ikkje er lov å køyre med ein Tempo 100-godkjend tilhengjar utan godkjend EU-kontroll.

3. Bestill time for køyretøykontroll av tilhengjaren.

Utmelding av Tempo 100-ordninga

Dersom du ønskjer å melde tilhengjaren ut av Tempo 100-ordninga, må du bestille time for omklassifisering til «vanleg tilhengjar», på same måte som då tilhengaren vart omklassifisert til Tempo 100. Dette er ein gebyrpliktig kontroll. Etter kontrollen vil du få eit nytt vognkort utan Tempo 100-godkjenning.

Etter omklassifiseringa vil tilhengjaren ikkje lenger vere ein del av EU-kontrollordninga. Som eigar vil du framleis vere ansvarleg for at tilhengjaren er i forskriftsmessig stand. Dette betyr at eventuelle manglar vil kunne bli påtalte og følgde opp av Statens vegvesen på ordinært vis. Uteståande manglar som berre relaterer seg til Tempo 100-krava, det vil seie alder og fartsmerking på dekka, vil likevel ikkje bli følgde opp av Statens vegvesen.

Internasjonale Tempo 100-ordningar

Det finst Tempo 100-ordningar også i Danmark og Tyskland.

Du finn riktig kontrolltype under menypunktet «Ombygging — godkjenning av endringar på køyretøyet», og med beskrivinga «Godkjenning av Tempo 100»

Bestill køyretøykontroll

Tilhengjar