Samsvarserklæring for registrering av nye typegodkjente køyretøy
For å få registrert eit nytt typegodkjent køyretøy er det naudsynt å levere inn samsvarserklæring (Certificate of Conformity).
Generelt er EU-typegodkjenning gyldig i Noreg. Ved registrering av nye køyretøy som er EU-typegodkjente skal det leggast fram samsvarserklæring i form av eit samsvarssertifikat/COC (Certificate of Conformity). Sertifikatet blir utferda av fabrikant, og er ei stadfesting på at eit køyretøy/understellsnummer er EU-typegodkjent. Dokumentet inneheld EU-typegodkjenningsnummer, data for identifisering av køyretøyet og ein del tekniske data. Utforming av og krav om samsvarssertifikat/COC for nye EU-typegodkjente køyretøy er felles innanfor EU/EØS-landa.
Køyretøy med nasjonal typegodkjenning
Har køyretøyet nasjonal typegodkjenning, må du leggje ved NGN-attesten (norsk godkjenningsnummer). Attesten stadfestar kva typegodkjenning køyretøyet skal registrerast med.
Tollkortet (blankett NA-0221) er ikkje lenger i bruk frå 1. januar 2026.
Elektronisk overføring av COC – samsvarserklæring
For kommersielle importørar og fabrikantar har Statens vegvesen ei løysing for overføring av COC – samsvarserklæring i elektronisk form. Løysinga kan erstatte papirbasert innlevering av COC og samsvarserklæring. Føresetnaden for å nytte ordninga er at typegodkjenningsdataa og norsk avgiftsklassifisering for køyretøyet er oppretta og lagt inn i Autosys av Vegdirektoratet. For EU-typegodkjente køyretøy krev ordninga eit tett samarbeid mellom fabrikanten – som er formell utferdar av COC – og norsk importør. Det må opprettast avtale mellom Statens vegvesen og importør eller fabrikant av køyretøy om slik elektronisk overføring av COC – samsvarserklæring.