Når salsmeldinga er godkjend, må du betale ei omregistreringsavgift før du kan bruke køyretøyet.

Betal omregistreringsavgift Logg inn

Før du betaler omregistreringsavgifta, må dette vere i orden:

  • Køyretøyet må vere forsikra. Har du ikkje forsikring, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra. Hugs at forsikringa må meldast inn i hovudeigar sitt namn.
  • Køyretøyet må ha godkjent EU-kontroll.

Det er kjøpar som er ansvarleg for at omregistreringsavgifta blir betalt. Hugs at før du kan betale omregistreringsavgifta, må salsmeldinga vere sendt inn og godkjend.

Kva må du betale i omregistreringsavgift? 

Kor mykje du må betale, avheng av type køyretøy, som personbil, lastebil, motorsykkel, tilhengjar, og vekt og alder på køyretøyet. Du kan i enkelte tilfelle få fritak for betaling av omregistreringsavgifta. Dei fleste fritak får du automatisk i tenestene våre. Omregistreringsavgifta får nye satsar frå og med 1. januar kvart år.

Finn ut kva du må betale i omregistreringsavgift eller om du får fritak hos Skatteetaten.

Nytt vognkort

Når du har betalt omregistreringsavgifta og omregistreringa er fullført, kan du skrive ut eit mellombels vognkort frå Di side, og ta i bruk det nye køyretøyet ditt. Nytt vognkort får du i posten i løpet av fire til sju vyrkedagar.

Har du kjøpt eit køyretøy utan skilt?

For å kunne få utlevert skilt må køyretøyet vere omregistrert.

  • Er det mindre enn seks månader sidan seljar leverte skilta til trafikkstasjonen for oppbevaring, kan du hente desse på trafikkstasjonen der dei vart innleverte.
  • Er det meir enn seks månader sidan skilta vart innleverte for oppbevaring, må du bestille nye skilt.
Sist oppdatert: