Fleire av trafikkstasjonane våre har stengt eller kortare opningstid i sommar. Sjå dei det gjeld her.

Det aller meste du får gjort i skranken på trafikkstasjonen, kan du gjere sjølv på nett. Det er både billegare og enklare å fornye førarkort eller omregistrere bilen på nett, og du kan gjere det akkurat når det passar deg.

Sjå kva trafikkstasjonar som har redusert tilbod i sommar

Trafikkstasjonar som ikkje står i denne oversikta, held ope som vanleg heile sommaren. Finn trafikkstasjonen din for å sjå vanlege opningstider.

Har du time til oppkøyring eller kontroll av køyretøy, skal du møte opp sjølv om trafikkstasjonen har stengt.

Agder

  • Arendal: Stengd måndag 11. juli, måndag 18. juli, måndag 25. juli og måndag 1. august
  • Flekkefjord: Stengd måndag 11. juli–fredag 15. juli og måndag 26. juli–fredag 30. juli
  • Kristiansand: Stengd fredag 22. juli, fredag 29. juli og fredag 5. august
  • Setesdal: Stengd måndag 18. juli–fredag 29. juli

Rogaland

  • Egersund: Stengd måndag 11. juli–fredag 5. august
  • Sauda: Stengd måndag 18. juli–fredag 12. august

Vestland

  • Førde: Berre ope måndagar, onsdagar og torsdagar kl. 10.00–14.00 i perioden 18. juli–12. august
  • Nordfjordeid: Berre ope torsdagar kl. 10.00–14.00 i perioden 18. juli–12. august 
  • Odda: Berre ope tysdagar kl. 09.00–14.30 i perioden 27. juni–5. august 
  • Sogndal: Berre ope tysdagar kl. 10.00–14.00 i perioden 4. juli–29. juli 

Møre og Romsdal

  • Alle trafikkstasjonar i Møre og Romsdal har ope som normalt.

Trøndelag

  • Brekstad: Stengd tysdag 12. juli, måndag 18. juli, tysdag 19. juli, måndag 25. juli og tysdag 26. juli
    Åpent kl. 10–14 andre kvardagar i perioden måndag 11. juli–fredag 29. juli
  • Levanger: Stengd tysdag 19. juli
  • Oppdal: Stengd måndag 18. juli–fredag 22. juli
  • Orkdal: Stengd fredag 22. juli
  • Stjørdal: Stengd tysdag 19. juli og torsdag 21. juli og tysdag 26. juli

Troms og Finnmark

  • Hammerfest: Stengd fredag 29. juli, fredag 5. august og fredag 12. august
  • Lakselv: Stengd måndag 8. august–fredag 12.august og tysdag 16. august
  • Vadsø: Stengd fredag 15. juli–fredag 22. juli og dessutan fredag 29. juli

Nordland

  • Alle trafikkstasjonar i Nordland har ope som normalt.

Viken og Oslo

  • Drøbak: Berre ope måndagar, onsdagar og fredagar i perioden 4. juli– 5. august
  • Gol: Stengd måndag 18. juli–fredag 22. juli
  • Kongsberg: Berre ope måndagar, onsdagar og fredagar i perioden 4. juli–29. juli
  • Mysen: Berre ope tysdagar og torsdagar i perioden 4. juli– 5. august

Innlandet

  • Elverum: Stengd måndag 4. juli–fredag 29. juli
  • Fagernes: Stengd måndag 4. juli–fredag 29. juli
  • Otta: Stengd måndag 11. juli–fredag 29. juli
  • Røros: Stengd måndag 18. juli–fredag 5. august
  • Tynset: Stengd måndag 18. juli–fredag 5. august

Vestfold og Telemark

  • Rjukan: Stengd måndag 4. juli–fredag 5. august