Besøksadresse:

Båtsfjordveien 16
Vadsø

Postadresse:

Postboks 703
9815 Vadsø

Bestill time

Du må bestille time for fornying og innbytte av førarkort, teoriprøve, registrering av køyretøy og skilt. Timer du bestiller, kan vere utanfor trafikkstasjonen si opningstid.

Bestill time

Opningstider

Måndag
kl. 09:00–14:00
Tysdag
Stengd
Onsdag
kl. 09:00–14:00
Torsdag
Stengd
Fredag
kl. 09:00–14:00

Dine behov

Du må bestille time for å ta teoriprøve.

Tilrettelagd teoriprøve
Du kan søkje om ei tilrettelagd teoriprøve om du har lese- eller skrivevanskar eller av andre grunnar har problem med å svare på skriftlege spørsmål.

Du kan ikkje bestille time til oppkøyring sjølv.

Det må gjerast av trafikkskulen, men du må gi trafikkskulen fullmakt til å bestille oppkøyring på dine vegner.

Vi utfører køyretøykontroll av lette og tunge køyretøy ved timebestilling.

For å avgrense smitte av koronaviruset må køyretøy som skal framvisast på kontroll vere rengjorde, og generelle smitteførebyggande omsyn blir varetatte ved kontrollen.

  • Hente skilt
    Du må bestille time for å hente skilt.
  • Levere skilt
    Du kan levere skilt på trafikkstasjonen innanfor opningstida. Vi har ikkje skiltluke.
  • Sende skilt i posten
    Du kan òg sende skilt i posten, til trafikkstasjonen si postadresse. Dei blir då avregistrerte frå den datoen du postla dei.
  • Bestill prøveskilt
    Du kan bestille prøveskilt på Di side.

  • Kontakte trafikkstasjonen
    Du kan ikkje ringe eller sende e-post direkte til trafikkstasjonen. Sjå korleis du kan kontakte Statens vegvesen.
  • Betaling på trafikkstasjonen
    Du kan betale med bankkort (debetkort) og kontantar. Du kan ikkje betale med kredittkort.
  • Legitimasjon
    Du må ha med gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen.
© NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)