Trafikkmeldingar
Denne publikasjonen deler informasjon om forhold på eller langs vegane som kan føre til forseinkingar eller forhøgja ulykkesrisiko i trafikken.
Vegarbeid, mellombels trafikkregulering, som stengingar, trafikkuhell, uvêr, ras og flom er blant dei tinga som kan påverke trafikkavviklinga. Vi publiserer kontinuerleg meldingar vi får om slike forhold, og sender dei ut på DATEX II-format.
Publikasjon
Vi gir ut trafikkmeldingar i ein publikasjon som dekkjer heile landet. Når du formidlar informasjonen vidare, ber vi deg vise til Statens vegvesen som kjelde.
Du må registrere deg for å ta lenka i bruk.
- Versjon 3.1:
https://www.vegvesen.no/ws/no/vegvesen/veg/trafikkpublikasjon/trafikk/3/GetSituation - Versjon 2.3:
https://www.vegvesen.no/ws/no/vegvesen/veg/trafikkpublikasjon/trafikk/2/GetSituation
Dekning
Publikasjonen dekkjer forhold som kan påverke trafikken på offentlege vegar i Noreg.
Kvalitet
Statens vegvesen tar imot, verifiserer og distribuerer løpande informasjon om forhold som kan påverke trafikken. Vi oppgir så godt det er mogleg, tida frå noe skjer, til informasjonen blir distribuert, den geografiske posisjonen til det som skjer, og nøyaktigheita av informasjonsinnhaldet.
Filtrering
Publikasjonen inneheld informasjon om alle forhold, noverande og planlagte, som kan påverke trafikken. Det er informasjon frå heile landet. Dei som bruker publikasjonen, må sjølve filtrere informasjonen etter type, geografi eller andre eigenskapar.