Webkamera-publikasjonen overfører oppdaterte bilete frå kamera langs vegane. Desse gir brukaren eit inntrykk av trafikkflyt, vêr og føreforhold.

Statens vegvesen har sett opp webkamera mange stader langs vegnettet. Dette er oftast på vêrutsette stader, ferjeleie, fjellovergangar og i tettstader med mykje trafikk.

Bileta frå kameraa blir oppdaterte med varierande frekvens. Dette har samanheng med typen kamera, og korleis kommunikasjonen med kameraet er sett opp.

Enkelte av kameraa vekslar mellom å vise forskjellige retningar og vegbanar. Det vil seie at dei kan endre bileteutsnitt mellom oppdateringar.

Drift og vedlikehald

Mange av kameraa står på vêrharde stader, og frå tid til anna kan dei vere ute av drift. Det kan skyldast straumbrot, feil i kommunikasjonen med kameraet eller annan teknisk svikt. Det kan ta tid før servicemannskap finn feilen og får retta han. Derfor kan eit kamera iblant vere ute av drift i nokre dagar eller vise eit gamalt bilete.

Publikasjon

Webkamera-publikasjonen gir tilgang til alle webkameraa. Når du formidlar informasjonen vidare, ber vi deg vise til Statens vegvesen som kjelde.

Du må registrere deg for å ta lenka i bruk.

  • Versjon 3.1: https://datex-server-get-v3-1.atlas.vegvesen.no/datexapi/GetCCTVSiteTable/pullsnapshotdata

Personvern

Webkameraa er sette opp for å gi brukarane eit inntrykk av trafikale forhold som køsituasjon, vêr og føreforhold. Kameraa tar ikkje bilete av enkeltpersonar, og det skal ikkje vere mogleg å identifisere personar eller registreringsnummera til køyretøy på bileta.

Ta kontakt med oss på e-post dersom du oppdagar bilete som ikkje tar nok omsyn til personvernet, eller dersom du har andre tilbakemeldingar om tenesta.

Publikasjonar