Informasjonskapslar (cookies)
Når du bruker Statens vegvesen sin nettstad vegvesen.no, blir det automatisk lagra informasjonskapslar (cookies) på datamaskinen eller eininga di.
Informasjonskapslar er små informasjonsfiler (tekstfiler) som nettstaden lagrar på datamaskinen eller eininga di. Den anonymiserte informasjonen i slike filer bruker Statens vegvesen til forvaltning, vidareutvikling og analyse på vegvesen.no.
Kor lenge du er inne på nettstaden, kva sider du besøker, og kva val du gjer, er døme på innhald i informasjonskapslar. Ein informasjonskapsel er ikkje skadeleg og kan ikkje innehalde virus eller program.
Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a) og ekomlova § 2-7 b.
Kva bruker vi informasjonen til?
Statens vegvesen står for drift, forvaltning og utvikling av nettstaden, som blir administrert gjennom publiseringsløysinga Optimizely.
Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre og vidareutvikle nettstaden for at du som brukar skal finne og forstå informasjonen du ser etter, og få gjort det du kom for. For å kunne lære korleis du bruker nettsidene, nyttar vi verktøy til analyse og måling av bruksmønster og brukaratferd.
Godtar du ikkje bruk av informasjonskapslar?
Vi lagrar i utgangspunktet ikkje informasjonskapslar på utstyret ditt utan først å spørje deg. Informasjonskapslar som støttar opp under kjernefunksjonalitet knytt til sikkerheit og infrastruktur, har vi likevel vurdert som nødvendige, og dei blir derfor lagra utan samtykke.
Informasjonskapslar på vegvesen.no
Vi bruker for augeblinken ikkje analyseverktøy som kan lagre informasjonskapslar på eininga di når du bruker vegvesen.no. Nettsider der vi har bygd inn innhald frå andre, eksterne tenester, kan likevel lagre informasjonskapslar på eininga. Innhald under vegvesen.no/trafikk er bygd inn frå ei slik ekstern teneste.
Analyseverktøy
Google Analytics
Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics på vegvesen.no/trafikk for å samle opplysningar om korleis brukarane bruker nettsidene, korleis dei finn fram, kva dei søkjer etter, og kva sider som blir mest brukte. Informasjonen kan ikkje sporast tilbake til enkeltpersonar.
Google Analytics lagrar delar av IP-adressa til brukarane, men siste oktett i adressa er fjerna av omsyn til personvernet. Google lagrar derfor ikkje detaljert geografisk informasjon om brukarane, berre geografisk område eller kommune.
Vi bruker også verktøyet Google Tag Manager saman med Google Analytics. Dette gir oss data om korleis utvalde element på nettstaden fungerer, til dømes menyar og knappar, nedlasting av filer og vising av videoar.
Opplysningane er underlagde Google sine retningslinjer for personvern.
Questback
Via nettsidene gjennomfører vi spørjeundersøkingar ved hjelp av verktøyet Questback to til fire gongar i året. Undersøkingane er anonymiserte, og verktøyet er berre aktivt i perioden spørjeundersøkinga går føre seg.
Questback er databehandlar og Statens vegvesen behandlingsansvarleg. Bruken er underlagd Questback sine retningslinjer for personvern.
Tilbakemeldingar fra brukarane
Brukarane kan gi tilbakemeldingar direkte på utvalde nettsider og i dei digitale tenestene (Di side). Brukaren kan frivillig gi skriftleg tilbakemelding i eit tekstfelt under «Fikk du hjelpa du trong?» og/eller velje «Ja» eller «Nei» som svar på spørsmålet. Brukarane får informasjon om ikkje å skrive inn personopplysningar eller andre identifiserbare opplysningar. Tilbakemeldingane blir lagra i publiseringsløysinga Optimizely i 3 månader.
Eksternt innhald
Nokon sider på vegvesen.no inneheld element og innhald frå Facebook, til dømes frå ei av Facebook-sidene våre. Når du besøker ei nettside som inneheld Facebook-element, kan Facebook lagre informasjonskapslar på eininga di.
YouTube
Når vi viser videoar på ei nettside på vegvesen.no, kan dette vere videoar som er lagra på videodelingstenesta YouTube. Når du ser på ei nettside der vi har bygd inn ein YouTube-video, kan YouTube (ei Google-teneste) lagre informasjonskapslar på eininga di.
Vimeo
Når vi viser videoar på ei nettside på vegvesen.no, kan dette vere videoar som er lagra på videodelingstenesta Vimeo. Når du ser på ei nettside der vi har bygd inn ein Vimeo-video, kan Vimeo lagre informasjonskapslar på eininga di.
X/Twitter
Nokon sider på vegvesen.no inneheld element og innhald frå X, mellom anna vegvesen.no/trafikk som inneheld dei nyaste meldingane frå Statens vegvesen sine vegtrafikksentralar på X. Når du besøker ei nettside som inneheld element frå X, kan X lagre informasjonskapslar på eininga di.
Informasjonskapslar i bruk på vegvesen.no
Detaljert oversikt over informasjonskapslar (cookies) som er i bruk på Statens vegvesens nettstad www.vegvesen.no.
Navn | Domene | Lagringstid | Formål |
---|---|---|---|
ForceLocale1* | vegvesen.no | 50 år | Brukes til å lagre valgt språk/målform |
JSESSIONID* | vegvesen.no | Sesjon | Brukerens sesjons-ID mot vegvesen.no serverne |
XSRF-TOKEN* | vegvesen.no | Sesjon | Sikkerhets- mekanisme |
amblcookie* | vegvesen.no | Sesjon | OpenAM |
iPlanetDirectoryProOAM* | vegvesen.no | Sesjon | OpenAM- sesjonstoken for innlogging med ID-porten |
www.vegvesen.no-443* | vegvesen.no | Sesjon | Brukes til å optimalisere trafikk i infrastrukturen |
www.vegvesen.no-oam* | vegvesen.no | Sesjon | Brukes til å optimalisere trafikk i infrastrukturen |
YSC | youtube.com | ** | YouTube |
VISITOR_INFO1_LIVE | youtube.com | ** | YouTube |
PREF | youtube.com | ** | YouTube |
GPS | youtube.com | ** | YouTube |
IDE | doubleclick.net | ** | YouTube |
_ga | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
_gali | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
_gat<id> | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
_gid | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
brukerId | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
brukertype | vegvesen.no/trafikk | ** | Google Analytics |
WSALB | statensvegvesen.boost.ai | ** | Chatbot/chat på vegvesen.no |
session | statensvegvesen.boost.ai | ** | Chatbot/chat på vegvesen.no |
«Sesjon» betyr at informasjonskapselen (verdien) blir sletta når du lukkar nettlesaren. Merk at om du har aktivert gjenoppretting av lukka nettlesarvindauge/-faner ved oppstart, vil denne verdien likevel ikkje bli sletta.
* Informasjonskapselen støttar opp under kjernefunksjonalitet knytt til sikkerheit og infrastruktur og er derfor nødvendig for at nettsida skal fungere.
** Lagringstid på informasjonskapslar frå tredjepartsleverandørar (YouTube, Google Analytics, Hotjar og Boost.ai) blir bestemt av leverandøren. Utdjupande informasjon om korleis løysingane bruker informasjonskapslar: