Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen beklagar på det sterkaste steinnedfallet i Trodaltunnelen på E39 torsdag.

– Det viktigaste er menneskeliv ikkje gjekk tapt, og det er vi glade for, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen Drift og vedlikehold vest.

E39, Trodaltunnelen, Vestland
Biletet viser den eitt tonn tunge steinblokka etter at ho hadde treft vegbanen. Foto: Mesta Foto: Mesta

Siste inspeksjon var så seint som i juni/juli no i sommar, og vart sluttført berre tre dagar før hendinga. Tunnelen har i tillegg gjennomgått ei stor oppgradering.

– Dette visar at geologi ikkje er ein eksakt vitenskap. Fjell er eit materiale som er ei bevegelse, understrekar Finden.

Statens vegvesen understrekar nok ein gong at dei er lei seg for det som har skjedd.

– Vi tar no ein gjennomgang av våre rutinar for å sjå om det er noko vi kunne gjort annleis her. Alle slike hendingar gjer at vi går igjennom våre rutinar for å sjå korleis vi kan bli betre, legg Finden til.

Så lenge våre vegar er opne, er dei trygge og framkomelege for dei reisande, understrekar Statens vegvesen.

Det var torsdag at det var nedfall av stein fra tunneltaket på Trodaltunnelen i Masfjorden kommune i Vestland fylke.

Ingen kom til skade i hendelsen, men ein bil fekk store materielle skadar etter å ha blitt treft av ei steinblokk på om lag eitt tonn. Ein annan bil punkterte.

Trodaltunnelen er eitt løp, er 848 meter lang og vart bygt i 1986.

Kontaktinfo: Svenn Finden, tlf 95148614, e-post: svenn.finden@vegvesen.no

Aktuelt for fylke: Vestland