Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Det skal leggast nye straumkablar og monterast nye lysarmaturar i fem tunnelar på riksveg 13 i Rogaland.

Dei fem tunnelane ligg på rekke og rad Suldal kommune – på ei 15 kilometer lang strekning, i rekkefølgje frå ytst til inst langs Suldalsvatnet:

Suldalsporten (733 meter) skal få 34 nye armaturar, Vågstunnelen (837 meter) får 39, Mokleivåsen (449 meter) 24, Vikatunnelen (1188 meter) 53 og Falkalitunnelen (1202 meter) skal få 53 nye lysarmaturar.

Riksveg 13, tunnel
Suldalsporten er mellom tunnelane på riksveg 13 i Ryfylke som no får nye lysarmaturar. For Suldalsporten sin del er det snakk om 34. Foto: Statens vegvesen

– No skal vi kvalitetssikra og kontrollregna tilboda, og tar sikte på å signera kontrakt med den nye entreprenøren så snart som mogleg, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Jobben skal vera ferdig innan utgangen av året.

Fem firma har levert tilbod på jobben, og Roxel Infra frå Stavanger er lågast.

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
Roxel Infra AS 4.799.060,97
Bilfinger Norway AS 4.905.297,00
OneCo Infra AS 5.501.796,14
Otera Traftec AS 5.647.643,50
Aventi Installation AS 6.625.599,64
NLI Elektrosystemer AS 7.932.415,00

Kontaktperson: Byggeleiar Einar Stange, telefon 90596436,

Aktuelt for fylke: Rogaland