Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Oppljostunnelen på riksveg 15 Strynefjellet vert i veke 40 stengt halvanna døgn på grunn av oppstått skade.

Stenginga skjer frå tysdag 5. oktober klokka 08.00 til onsdag 6. oktober klokka 20.00.

Riksveg 15 over Strynefjellet er ein viktig overfartsveg mellom Vestlandet og Austlandet. Ei stenging vil difor få store konsekvensar for trafikken, ikkje minst på vinterføre.

Riksveg 15, Strynefjellet, Oppljostunnelen, Vestland, Innlandet.
Oppljostunnelen på Strynefjellet må stengjast halvanna døgn i veke 40. Foto: Skjermdump/faksimile: Statens vegvesen

Difor må tunnelen stengjast

Delar av eine veggen i betongoverbygget i Oppljostunnelen har rast ut i om lag seks meters lengde, og det er naudsynt å reparera snarast.

– Det betyr at både kabelstige, armaturar og kablar må demonterast og fjernast. I samband med jobben vil lys og nødnett delvis bli kobla ut, frå skadestaden og ut av tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Den 4594 meter lange Oppljostunnelen på grensa mellom Stryn kommune i Vestland og Skjåk kommune i Innlandet har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 911.

Om veret tillét, vert det omkøyring over gamle Strynefjellsvegen for bilar under 3,5 tonn.

– Vi gjer det for dei reisande

– Vi har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, ikkje minst når det er snakk om ei så langvarig stenging som dette, legg Hovland til.

– Men då er det samtidig viktig å minna om at vedlikehald av tunnel og andre vegobjekt er noko me gjer nettopp for dei reisande, for å vareta trafikktryggleiken, understrekar han.

Planlegg reisa di

Statens vegvesen oppmodar i denne samanheng dei reisande om sjølv å planleggja reiserute og omkøyring, ut frå eigne behov.

Eit godt råd når ein skal ut og reisa, er å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst til ei kvar tid oppdatert oversikt over situasjonen på alle norske vegar.

Kontaktperson: Sveinung Hovland, e-post , telefon 97517080

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal, Vestland, Innlandet