Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Til eit totalbeløp på 50 millionar (ekskl. mva.), set Statens vegvesen opp om lag 60 kilometer nytt rekkverk på riks- og europavegar fleire stader i Vestla

Det er snakk om både utskifting av eksisterande rekkverk, og montering av heilt nytt.

Her blir det stålrekkverk

Desse strekningane får nytt stålrekkverk:

¤ Riksveg 5 langs Lærdalselva på strekninga Lærdal – Erisletta

¤ E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen

¤ E39 mellom Breim og Sandane

¤ Riksveg 13 Vikafjellet

Riksveg 13, rekkverk
Her, mellom Kinsarvik og Lofthus på riksveg 13, er eitt av punkta der det skal støypast nytt betongrekkverk. Foto: Statens vegvesen

Her blir det betongrekkverk

Desse strekningane får nytt betongrekkverk:

¤ E16 Flåm

¤ E16 brusøyle ved Indre Arna

¤ E16 tre punkt mellom Langhelle og Stanghelle

¤ E39 Litle-Urdaltunnelen

E39, rekkverk
Ikkje langt herifrå, ved Litle-Urdaltunnelen på E39, blir det betongrekkverk. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

¤ E39 Skaugsetstranda ved Hornindalsvatnet

¤ Riksveg 15 Stårheim ferjekai

¤ Riksveg 5 Ingafossen Sogndal

¤ Riksveg 5 Lundebotten på sørsida/Fjærlandssida av Fjærlandstunnelen

¤ Riksveg 13 Skarvabjørgtunnelen i Ullensvang, mellom Odda og Lofthus. Pluss tre punkt mellom Kinsarvik og Lofthus, og Storesvingen i oppstigninga frå Vik til Vikafjellet.

Arbeida vil finna stad i år og neste år.

Difor gjer Statens vegvesen dette

Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.

– Eksisterande rekkverk kan vera gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vera plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på, seier byggeleiar Jan Bremer Remø.

Riksveg 5, rekkverk
Her, i Lundebotten, på sørsida/Fjærlandssida av Fjærlandstunnelen på riksveg 5, blir det betongrekkverk. Foto: Statens vegvesen

Slik påverkar arbeida trafikken

Arbeida vil stort sett føregå på dagtid. Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje verta lang ventetid.

På betongrekkverk er hovudregelen styrt trafikkavvikling med manuell dirigering og følgjebil, viss det er moglegheit for passasje. På smale parti kan det bli vegstenging.

– Me har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida, legg Remø til.

For å få oversikta over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nosituasjonen på norske vegar.

Riksveg 5, rekkverk
Her, ved Ingafossen på riksveg 5 i Sogndal, blir det betongrekkverk. Foto: Statens vegvesen

Tett løp om kontraktane

Ein del av stålrekkverk-kontrakten er i gamle Hordaland. Her er Arendal-firmaet Veisikring AS entreprenør etter å ha levert eit tilbod på 22.896.300 kroner. Det var berre ein halv million billigare enn Arvid Gjerde AS, som kunne gjera jobben for 23.339.338 kroner.

I gamle Sogn og Fjordane var det endå tettare løp mellom tilbydarane på stålrekkverk-oppdraget. Her skilde under 100.000 mellom Mesta (21.450.817) og Arvid Gjerde AS (21.516.928 kroner).

To firma leverte tilbod på betongrekkverka. Arendal-firmaet Veisikring AS er entreprenør etter å ha levert eit tilbod på 4.191.220 kroner. Sirdal veibetong ga tilbod på 5.020.162 kroner.

Alle kontraktsbeløpa er eksklusive moms.

Dei to stålrekkverks-kontraktene er på om lag 30 kilometer kvar, medan betongrekkverk-kontrakten er på 1900 meter nytt rekkverk.

Kontaktperson: Jan Bremer Remø, e-post jan.remo@vegvesen.no, telefon 99331310

Aktuelt for fylke: Vestland