Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen aukar anleggsaktiviteten på Bondeviki - Fardal. Trafikantane må førebu seg på meir venting.

Statens vegvesen utbetrar rv. 13 mellom Bondeviki og Fardal vest for Sogndal. Arbeida har no pågått i snart to månader.

Det er mykje synleg aktivitet på strekket, spesielt innanfor arbeida med masseuttak.

riksveg 13, Vestland, Sogndal, Bondeviki - Fardal
Statens vegvesen utvidar no anleggsarbeida på Bondeviki - Fardal, og trafikantane må førebu seg på meir venting. Foto: Statens vegvesen

– Trafikkflyten har vore god

– Entreprenøren har no tatt ut om lag 20 prosent av det estimerte volumet med sprenging, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.

Denne mengda tilsvarar 10.000 kubikkmeter med sprengd stein.

Fram til no er det sprengingsarbeid, etablering av riggområde og skogrydding som har vore dei tre største aktivitetane.

– Dette har medført lysregulering og stans av trafikken den siste tida, men trafikkflyten har vore god, legg Slinde til.

Det er viktig at trafikken flyt godt, både for at trafikantane skal bli minst mogleg hindra, men også for at entreprenøren skal få flyt i arbeida sine.

Startar lenger vest

Fram til no har arbeida i prosjektet pågått på delen av strekninga nærast Sogndal. Entreprenøren kjem no til også å starta på den vestlege delen av prosjektet.

Her blir det i første omgang sprengingsarbeid og massehandtering. Dette gjer at det no vert to soner med lysregulering på anleggsarbeidet.

Trafikantane må difor førebu seg på noko meir venting enn det har vore siste tida. For siste informasjon, sjå trafikkmeldingane til Statens vegvesen på 175.no.

Lokal entreprenør

Fosse Maskin og Transport AS frå Vik er entreprenør på prosjektet, etter å ha levert eit tilbod på dryge 60 millionar pluss moms.

Kontrakten vart signert i august, og anleggsarbeida starta i september.

Vegstykket vert gjennomsnittleg trafikkert av 2737 køyretøy per døgn. Ni prosent, eller om lag 270, av desse er lange køyretøy.

Kontaktperson: Kristian Slinde, e-post kristian.slinde@vegvesen.no, telefon 97701905

Aktuelt for fylke: Vestland