Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Opprydding etter raset på rv. 5 ved Frudalstunnelen i Sogndal er no i gang. Det vil bli gjort ei ny vurdering av skredfaren kl. 15.00 i morgon.

Statens vegvesen har no starta opprydding etter snøraset som gjekk ved Frudalstunnelen langs rv. 5 ved Sogndal i går kveld. Mannskap frå entreprenøren vår vil halde fram til det blir mørkt i dag.

– På grunn av trygginga til dei som arbeider, kan ikkje dette oppryddingsarbeidet blir gjort medan det er mørkt, forklarer Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Arbeidet med å rydda vegen for snø, vil starta opp igjen så snart det er dagslys i morgon. Klokka 15 i morgon vil det bli gjort ei vurdering av snøskredfaren.

– Vi er opptatt av å få opna vegen så fort som mogleg, men trygginga går føre alt. Vi må derfor få gjennomført ei grundig vurdering for å sikra oss om at det ikkje er fare for nye ras, seier Finden.

Medan riksveg 5 er stengde er det skilta omkøyring via riksveg 13 og fylkesveg 55. Det blir òg sett opp ekstra nattferje mellom Hella og Balestrand. Her oppfordrar vi trafikantar til å sjekka www.norled.no for rutetider.

Bilete av snøraset ved Frudalstunnelen i Sogndal.
Onsdag gjekk det eit snøras ved Frudalstunnelen i Sogndal. Statens vegvesen er i gang med opprydding for å få opna rv. 5 igjen. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland