Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Arbeidet er i gang, og skal vara ut året.

Området vi jobbar i, er den 2,8 kilometer lange strekninga frå Solheim til Bårvågsvatnet.

– Vegen vert utvida i breidda til minimum åtte meter på heile strekninga, og det blir lik vegstandard heile området. Det blir forsterka midt- og kantoppmerking, det vil seia gul midtstripe, og rumlefelt i midten og mot kjørebanekantane, seier prosjektleiar Steffi Bartel i Statens vegvesen.

TS-tiltaka (TS = trafikksikkerhet) på E39 i Sveio er i gang.
TS-tiltaka (TS = trafikksikkerhet) på E39 i Sveio er i gang. Foto: Statens vegvesen

Ved Austvik/Håvardsholm endrar vi kurvaturen på vegen, slik at svingen blir mindre krapp, I tillegg byggjer vi om Håvardsholmkrysset med trafikkøy eige høgresvingfelt, legg ho til.

Vi skal også betra siktforholda og sideterrenget i området, og vi skal montera veglys.

– Arbeida vil i hovudsak skje på dagtid. I samband med sprenging, breiddeutviding og grøftearbeid vil det bli trafikkdirigering. Trafikantene må i periodar rekna med noko venting, avsluttar Bartel.

Entreprenør på oppdraget er Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol AS.

Kontaktperson: Steffi Bartel, e-post steffi.bartel@vegvesen.no, telefon 45973328

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland