Statens vegvesen skal gi deg trygge og framkomelege vegar. Eit fungerande el-anlegg er ein viktig del av dette.

Tre firma konkurrerte om å drifta el-anlegget på riksvegane i gamle Sogn og Fjordane, nord for Sognefjorden.

Dei tre som leverte tilbod i konkurransen var:

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Mesta AS 38.914.725,00
BMO Elektro AS 46.524.626,00
Eviny Solutions AS 48.989.474,00

Statens vegvesen og Mesta har no signert kontrakt som går over fem år, frå 1. juni 2022 - 31. mai 2027.

– Viss Statens vegvesen og Mesta blir samde om det, kan kontrakten i tillegg forlengjast i tre år, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Kart over kontraktsområdet for elektrokontrakten frå Sognefjorden til Møre-grensa.
Kart over kontraktsområdet for elektrokontrakten frå Sognefjorden til Møre-grensa.

Kontrakten dekkjer dette området

Kontraktsområdet går frå Sognefjorden i sør til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal i nord, frå havet ved Måløy i vest til høgfjell i Strynefjellet i aust.

Riksvegane som er omfatta av kontrakten, er E39, riksveg 5, riksveg 13 og riksveg 15.

Drifta og vedlikehald av el-anlegget omfattar veglys, vegskilt, bruer og el-anlegget i dei mange tunnelane i området.

Fleire nye elektrokontraktar i Vest

Statens vegvesen har signert fleire nye elektroktontraktar i Vest (det vil seia Vestland og Rogaland siste året:

Nå starter elektroarbeid i seks tunneler på riksveg 13 | Statens vegvesen (ntb.no)

BMO Elektro AS vann stor Vegvesen-kontrakt i heile Rogaland og store delar av søndre Hordaland | Statens vegvesen (ntb.no)

Tre firma kjempar om stor elektrokontrakt for Vegvesenet | Statens vegvesen (ntb.no)

Betre lys i fem tunnelar på riksveg 13, seks firma vil gjera jobben | Statens vegvesen (ntb.no)

Mange vil montera nye tunnellys | Statens vegvesen (ntb.no)

Kontaktperson: Lars Erik Karlsen, e-post , telefon 95191827

Aktuelt for fylke: Vestland