Arbeid på Anda ferjekai natt til tysdag 20. mai
Statens vegvesen gjer arbeid på Anda ferjekai natt til tysdag 20. mai.
Siste avgang frå Anda vert klokka 23.15, og siste frå Lote klokka 23.00.
Etter stenginga blir første avgang frå Anda klokka 06:15, og frå Lote klokka 06:00.
Oppdaterte rutetider ser du på www.fjord1.no.
– Jobben vi skal gjera er å erstatta den gamle hydraulikkoljen med miljøvæske, noko mvi kjem til å gjera på dei fleste ferjekaiar. Dette har store positive påverknadar på miljøet dersom det skulle oppstå lekkasje, sier byggjeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.

Aktuelt for fylke:
Vestland