Oversikt over opplysningar i appen

Mobilappen gjer det enklare for deg å ha oversikt over køyretøy og tilhengjarar:

  • Sjekk frist for EU-kontroll.
  • Få varsel via mobilen når fristen for EU-kontroll nærmar seg.
  • Sjekk kva tilhengjarar du kan trekkje bak bilen og kor mykje last du kan ha i bilen.
  • Sjå køyretøyopplysningar ved å taste inn registreringsnummer eller personleg skilt.
  • Logg inn på Di side for å sjå historisk kilometerstand eller frå tidspunkt for bruktimport (lese ved fyrstegongsregistrering i Noreg). Statens vegvesen garanterer ikkje at rapporteringa som er gjort av verkstad/kontrollorgan ved EU-kontroll er riktig. 
  • Du kan lagre køyretøy og tilhengjarar som favorittar i appen. Du kan leggje inn eigne kallenamn på dei. 

Di side

Logg inn på Di side for å finne detaljar om kilometerstand og opplysningar om eigar. 

Tilhengjarkalkulator

Tilhengjarkalkulatoren er laga for førarkort klasse B (personbil), B96 og BE (personbil med tilhengjar). 

Finn ut om du kan trekkje tilhengjar