Viktige datoar 

Piggdekk  

Piggdekk er ikkje tillate frå og med første mandag etter 2. påskedag til og med 31. oktober.

I Nordland, Troms og Finnmark gjeld reglane frå og med 1. mai til og med 15. oktober. 
Det er ingen fristar knytt til bruk av piggfrie vinterdekk. 

Les meir om krav til dekk på vegvesen.no

EU-kontroll 

Det er ditt ansvar som eigar å få bilen din EU-kontrollert og godkjent innan fristen. Så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen er det opp til deg kor tidleg du ønskjer å gjennomføre EU-kontrollen. Fristen er endeleg, så berekn nok tid til å få gjennomført hovudkontroll, rette eventuelle manglar og få utført etterkontroll. 

Rett frist finn du alltid på vegvesen.no/eukontroll og siste kontrollsetel. 

Trafikkforsikringsavgift og forsikring 

Årsavgiften/trafikkforsikringsavgifta blir kravd inn av forsikringsselskapa saman med forsikringspremien. Det er påbode å ha forsikring for alle registrerte køyretøy. Om du ikkje har gyldig forsikring, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra. 

Les meir om gebyr ved manglande forsikring på vegvesen.no