Sommaren er tida for kantslått. Då blir vegkantane klipte for å sørgje for meir artsrikdom og betre trafikksikkerheit.

Ein vegkant med masse blomar.
Ein vegkant med masse blomar. Foto: Statens vegvesen

Driftsentreprenørana til Statens vegvesen gjer kantslått langs riksvegane om sommaren for å å ta vare på dei artsrike vegkantane, hindre spreiing av uønskte artar og bidra til trafikksikker og hyggeleg ferdsel langs vegen.

Med kantslått passar vi blant anna på at vegkantane ikkje blir overgrodde og hindrar sikten. Kantslått til rett tid er viktig for å fjerne kraftigveksande vegetasjon og hindre spreiing av skadelege planter som tar livet av artane rundt seg.

Det gir ein meir artsrik vegkant, og dette er positivt for insektlivet langs vegane.

Kantklipp to gongar i sesongen

Dei fleste vegkantane blir klipte to gongar i sesongen: første gong i mai og juni og andre gong i august og september.

Driftsentreprenørane våre klipper jamleg for å behalde blomstrande vegkantar og for å avgrense spreiinga av framande skadelege artar i vegkantane.

Vegkantar med stort botanisk artsmangfald blir kartlagde, og bruken av plantevernmiddel er redusert drastisk dei siste åra.

Klipping av vegkantar tidleg i juni er ikkje optimalt for humler og andre insekt men det er viktigare å hindre at skadelege planter blir spreidde i juni, når insekta har matfat mange andre stader, enn at vi har blomstrande vegkantar. Då held vi på artsmangfaldet også i framtida.

Det har dessverre hendt at entreprenørar ved ein feil har slått lågtveksande vegkantar i juni og juli, sjølv om dette ikkje sto i driftskontrakten.

Vi forsøker sjølvsagt å unngå slike feil, og vi prøver å vere så skånsame vi kan. Vi er alltid ute etter nye og skånsame metodar for å drifte betre.

For å halde sikkerheita ved lag så lenge kantslåtten går føre seg, er det viktig at trafikantane viser omsyn og held avstand. Gjenstandar, stein og søppel som er gøymde i graset, kan fyke ut frå klipparane.

Ein vegkant med blomstrar.
Ein vegkant med blomstrar. Foto: Statens vegvesen
Sist oppdatert: