Skal du på sykkeltur? Les meir om dei nasjonale sykkelrutene, og last ned kart du kan bruke på GPS eller mobiltelefon på turen.

Illustrasjon av dei nasjonale sykkelrutene. Dei enkelte rutene er beskrivne på nettsida.
Kart over dei nasjonale sykkelrutene. Illustrasjon: Statens vegvesen

Det er i dag ni nasjonale sykkelruter. Rutene er innom 14 av dei 18 nasjonale turistvegane og gjer det mogleg å sykle frå by til by på lågtrafikkerte vegar på langs og tvers i Norge. Sidan fleire av rutene møter kvarandre, kan du også planleggje rundturar.

Det kjem ei tiande rute frå Nordkapp til Lindesnes.

Dei enkelte rutene

I dette avsnittet finn du lenker til meir informasjon om dei enkelte sykkelrutene. 

Velg den sykkelruta du ønskjer meir informasjon om, i lista under.

Nasjonal sykkelrute 1: Kystruta

Kystruta følgjer heile norskekysten og er delt opp i fleire delstrekningar. Denne ruta er ein del av EuroVelo 1, Atlantic Coast Route, som går frå Nordkapp til Bergen og følgjer Atlanterhavskysten til Spania og Portugal. Strekninga frå Bergen over Lindesnes og langs Oslofjorden til Svinesund inngår i EuroVelo 12, North Sea Cycle Route, som går rundt heile Nordsjøbassenget. Kystruta er innom fleire nasjonale turistvegar.

Nasjonal sykkelrute 2: Kanalruta og Telemark

Kanalruta har kjernen sin langs Telemarkskanalen. Ruta skal utvidast langs den nedlagde jernbanen mellom Larvik og Porsgrunn og gå vidare gjennom indre Telemark, via Rjukan til Numedal og rute 5, Middelalderdalen og Mjølkevegen.

Nasjonal sykkelrute 3: Fjord og fjell

Denne ruta følgjer Setesdal frå Kristiansand til Haukeli og går vidare til Røldal, og følgjer derifrå Nasjonal turistveg Ryfylke til Stavanger. Den nyaste etappen på rute 3 er ikkje endeleg fastlagd og kan bli endra. Denne delen går i indre Vestland og følgjer både Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Gaularfjellet eit stykke, før ruta endar i Ålesund.

Nasjonal sykkelrute 4: Hallingdal og Rallarvegen

Nasjonal sykkelrute 4 er delt opp i to etappar. Den eine går frå Drammen over Blaafarveværket til Hallingdal og Geilo. Den andre er Rallarvegen som via Nasjonal turistveg Aurlandsfjell går rundt Hallingskarvet.

Nasjonal sykkelrute 5: Middelalderdalen og Mjølkevegen

Det er to etappar på nasjonal sykkelrute 5. Den eine går frå Larvik over Kongsberg og Geilo til Gol, den andre frå Gol over Golsfjellet til Beitostølen via Jotunheimvegen og Fefor til Vinstra.

Nasjonal sykkelrute 6: Sognefjellsvegen

På denne ruta får du med deg verdsarvområda Røros og Bergen, og dei nasjonale turistvegane Rondane og Sognefjellet.

Nasjonal sykkelrute 7: Pilgrimsruta

Pilgrimsruta går frå Trondheim (Nidaros) over Hamar og Oslo til Halden. Denne ruta inngår i den internasjonale EuroVelo 3, Pilgrims Route, som fortsetter gjennom Europa til Santiago de Compostela i Spania.

Nasjonal sykkelrute 8: Finnmarksruta

Finnmarksruta fangar opp dei fantastiske områda frå Alta over Kautokeino til Kirkenes, og gir deg godt høve til å oppleve midnattssola.

Nasjonal sykkelrute 9: Villmarksruta

Villmarksruta er ein tur på vegar med svært lite trafikk nær svenskegrensa. Ho går gjennom austnorsk villmark, mellom Halden, Finnskogen, Trysil, Røros, Tydal og Trondheim, der ho endar.

Rundt halvparten av rutene er skilta

Omtrent halvparten av rutenettet er skilta, men det varierer frå område til område kor stor ein del av sykkelruta det gjeld. Vi skiltar sykkelrutene på vegar og sykkelvegar i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar.  Skilta er raudbrune med grøne nummer frå 1 til 10. 

Bilete av skilt som viser ei nasjonal sykkelrute.
Døme på skilting av det nasjonale sykkelnettet. Foto: Henrik Duus

Vanskegrad

Dei fleste strekningane går på vegar med blanda trafikk. Nokre delstrekningar er lette og passar for alle, medan andre er meir krevjande. På dei meir krevjande er det ein fordel om du er sykkelvand og i god form. Ver merksam på at desse rutene kan vere for harde for dei yngste barna.

Mange ruter går gjennom tunnelar. Derfor er det viktig at du har godt lys framme og bak på sykkelen. Du bør også ha godt synlege klede eller refleksvest på vegar med biltrafikk.

Kombiner sykkel med andre transportmiddel

Du kan ta tog, ferje eller buss på noko av strekninga dersom du berre vil sykle delar av ei nasjonal sykkelrute. Dersom du planlegg å nytte andre transportmiddel, tilrår vi at du på førehand sjekkar om du kan ha med sykkelen.

På nokre av rutene må du ta buss eller tog på ei kortare strekning, fordi det er forbode å sykle på vegen. Det gjeld i hovudsak i tunnelar. Det er også ferjestrekningar på mange av rutene.