Dersom du skal bruke ein elsparkesykkel på fortau eller gang- og sykkelveg, må han oppfylle fleire tekniske krav.

På desse sidene omtalar vi berre elsparkesyklar, men reglane gjeld for alle køyretøy som kan definerast som små elektriske motorvogner. Døme på små elektriske motorvogner er elsparkesykkel, ståhjuling og elektriske skateboard. Elsykkel og vanleg sykkel blir ikkje rekna som små elektriske motorvogner.

Korleis eit køyretøy blir definert i trafikkreglane, har innverknad på kvar du kan bruke det, og kva konsekvensar det får om du bryt reglane.

Ditt ansvar at køyretøyet ditt oppfyller krava

Det er føraren av eit køyretøy som er ansvarleg for at det oppfyller dei tekniske krava.

Konsekvensar om krava ikkje er oppfylte

Oppfyller ikkje ein elsparkesykkel desse krava, kan du ikkje bruke han på fortau eller gang- og sykkelveg.

Dersom ein elsparkesykkel ikkje kan definerast som ei lita elektrisk motorvogn ut frå dei tekniske krava, er det andre krav du må overhalde for å bruke han. Han skal til dømes vere registrert og forsikra, du skal bruke motorsykkelhjelm, og du skal berre bruke elsparkesykkelen i vegbanen. Bryt du desse krava, kan du blant anna miste førarkortet eller få bot.

Tekniske krav

For at ein elsparkesykkel skal reknast som ei lita elektrisk motorvogn slik at du kan bruke han på fortau og på gang- og sykkelveg, må han

  • vege maksimalt 70 kg inkludert batteri
  • ikkje vere breiare enn 85 cm og ikkje lengre enn 120 cm
  • vere sperra for fart over 20 km/t

Det er berre sjølvbalanserande køyretøy som kan ha sete.

Sperra for fart over 20 km/t

Det er ikkje fartsgrenser for bruk av elsparkesyklar, men dei må ha fartssperre. Det er produsenten som skal ha sett på ei fartssperre som gjer at det ikkje er mogleg å oppnå høgare fart enn 20 kilometer i timen med motorkraft.

Kravet er ikkje oppfylt dersom du kan endre maks-farten via ein brytar, ulike modus eller ein app.

Krav til bremsar

Elsparkesyklar skal ha eit system som gjer det mogleg å stanse på ein trygg, effektiv og hurtig måte. 

Krav til raud refleks bak

Det skal vere raud refleks av godkjend type bak på elsparkesykkelen. Kravet gjeld likevel ikkje dersom elsparkesykkelen har ein storleik eller ei utforming som gjer at det ikkje er mogleg å montere refleksen på ein hensiktsmessig måte. 

Krav til lys

Elsparkesyklar skal ha lykt med gult eller kvitt lys framme. Dei kan også ha ei fleirfunksjonslykt som kan gi blinkande eller fast kvitt lys framme. Lykta skal gi tilstrekkeleg lys utan å verke blendande. Denne kan du då bruke når du køyrer i skumring eller mørke.

Bak skal du ha lykt med raudt eller raudt blinkande lys.

Lyktene skal kunne sjåast tydeleg på ein avstand av 300 meter. Ei lykt som gir blinkande lys, skal blinke med minst 120 blink per minutt.

 Lyktene skal vere festa til elsparkesykkelen. Alternativt kan lyktene vere festa på deg når du køyrer elsparkesykkelen, men ikkje på hovudet ditt.

Krav til ringeklokke

Elsparkesyklar skal ha ringeklokke. Kravet gjeld likevel ikkje dersom elsparkesykkelen har ein storleik eller ei utforming som gjer at det ikkje er mogleg å montere eller bruke ringeklokka på ein hensiktsmessig måte.

Sist oppdatert:

Trygg på elsparkesykkel