Bruker du elsparkesykkel, må du kjenne til og overhalde mange reglar.

På desse sidene omtalar vi berre elsparkesyklar, men reglane gjeld for alle køyretøy som kan definerast som små elektriske motorvogner. Døme på små elektriske motorvogner er elsparkesykkel, ståhjuling og elektriske skateboard. Elsykkel og vanleg sykkel blir ikkje rekna som små elektriske motorvogner.

Elsparkesyklar skal i hovudsak følgje dei same reglane som syklistar og på same vilkår som dei. 

Det er vegtrafikklova sin § 3 som ligg til grunn for trafikkreglane, og han skal sikre at alle som går, syklar eller køyrer, skal ferdast så trygt som mogleg. Det betyr at du har eit personleg ansvar for at åtferda di i trafikken ikkje skaper farlege og vanskelege situasjonar for andre trafikantar.

Vegtrafikklova sin § 3 seier at «Enhver skal ferdes hensynsfullt og vere aktpågivende og varsom så det ikkje kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikkje unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn overfor dem som bor eller oppholder seg ved vegen.»

Omgrepa omsynsfull, aktsam og varsam i paragrafen vil seie at du må vise omsyn og vere merksam og forsiktig i trafikken.

Aldersgrense på elsparkesykkel

Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år. Hugs at utleigeselskapa kan ha høgare aldersgrense, til dømes 16 eller 18 år.

Krav om hjelm

Barn under 15 år har påbod om å bruke hjelm, men vi tilrår at alle gjer det. Det er stor forskjell på kor mykje du skadar deg med og utan hjelm.

Ruspåverka køyring

Det er forbode å køyre elsparkesykkel dersom du er påverka av alkohol eller eit anna rusande eller bedøvande middel. Det er den alminnelege promillegrensa på 0,2 som gjeld.

Passasjerar på elsparkesykkel

På elsparkesyklar er det ikkje tillate med passasjer. Det er heller ikkje tillate å ha passasjerar i ein tilhengjar som er festa på sparkesykkelen.

Vis omsyn når du parkerer

Du kan parkere på gang- og sykkelveg, fortau eller gågate så lengje sparkesykkelen ikkje er til hinder eller ulempe for andre. Det betyr at han ikkje skal vere i vegen for dei som syklar og går.

Du må parkere slik at det ikkje er til hinder for menneske med ulike behov, som for eksempel rullestolbrukarar og dei med nedsett syn.

Når du parkerer, skal du sørge for å sette frå deg sparkesykkelen på ein slik måte at han ikkje veltar og skapar problem for andre trafikantar.

Du kan få gebyr om du parkerer feil

Dersom du parkerer slik at elsparkesykkelen er til hinder eller ulempe for andre, eller på område der det er vist med skilt at det ikkje er lov å parkere, kan du få eit gebyr på 900 kroner.

Kvar kan du køyre?

Du kan i utgangspunktet køyre overalt så lenge du følgjer køyreretninga og skiltinga.

Det er forbode å køyre med elsparkesykkel på motorvegar og på vegar som er skilta med forbod mot syklistar, for eksempel på nokre bruer og i mange tunnelar.

Når du bruker elsparkesykkel, er du mindre synleg enn bilar og meir utsett for ulykker. Ta ingen sjansar!

I vegen

Du kan køyre i vegen saman med biltrafikk. Da skal du følgje dei same trafikkreglane som andre trafikantar. Dette inneber til dømes at du

  • har vikeplikt for trafikk frå høgre side
  • har vikeplikt for gåande som kryssar gangfelt
  • skal stoppe for raudt lys
  • skal gi teikn når du svingar
  • skal følgje fartsgrensa

I kollektivfelt

Kollektivfelt er eit eige køyrefelt i køyrebanen. Du kan køyre i kollektivfelt. Skal du køyre i kollektivfeltet, må du passe på å halde deg unna blindsona til bussen.

På gang- og sykkelveg

Gang- og sykkelvegar er meint for dei som går og syklar, men det er også tillate å nytte dei på elsparkesykkel. Ta omsyn til at gåande på ein gang- og sykkelveg kan bruke begge sider av vegen, medan du som køyrer, skal køyre på høgre side. Hugs at du som køyrande alltid har eit ekstra ansvar for å vere merksam på gåande.

I sykkelfelt

Sykkelfelt er eigne køyrefelt i køyrebanen merka med skiltet «sykkelfelt» og oppmerking. Elsparkesyklar kan også nytte dette feltet.

Det er ikkje tillate å køyre i begge retningar i sykkelfelt, og du kan derfor berre bruke sykkelfelt på høgre side av vegen. Det er heller ikkje lov å parkere eller stanse i sykkelfelt.

Dersom du er i eit sykkelfelt med eige trafikklys for sykkel, må du følgje dette. Trafikklys gjeld ikkje for deg om du køyrer på fortauet eller på ein gang- eller sykkelveg.

På fortau og gangveg

Du kan køyre på gangveg og fortau når du ikkje er til hinder eller fare for gåande. Er det mange folk på fortauet, skal du gå av og trille sparkesykkelen. Skal du køyre forbi nokon, må du tilpasse farten og halde god avstand.

Over gangfelt

Du kan køyre over gangfelt så lenge du tar omsyn til dei som går. Når du køyrer over gangfeltet, blir du ikkje rekna som ein gåande, og andre køyrande har ikkje vikeplikt for deg. 

I einvegskøyrte gater

Einvegskøyring i gater og vegar gjeld alle som køyrer, både syklistar og bilistar. Men i nokre gater er det med underskilt vist at det er tillate å sykle i begge retningar. Underskiltet omfattar også elsparkesyklar. Køyrer du mot biltrafikken i slike gater, må du vere ekstra merksam, fordi bilistar ofte ikkje forventar å få trafikk mot køyreretninga.

Einvegsregulering er vanlegvis vist med skiltet «innkøyring forbode» i den enden det er forbode å køyre inn, og med skiltet «einvegskøyring» i den enden det er tillate å køyre inn. Er det unntak for syklistar og elsparkesyklar, er dette vist med underskiltet «sykkel unntatt». Køyrer du på fortauet, gjeld ikkje einvegsreguleringa.

Bot (forenkla førelegg)

Du kan bli bøtelagd med eit forenkla førelegg når du bryt trafikkreglane. Dersom lovbrotet er alvorleg, kan du bli meld til politiet. Bøtelegging og melding skjer oftast i samband med særleg farleg åtferd.

Krav til ansvarsforsikring for alle elsparkesyklar

Elsparkesyklar blir omfatta av bilansvarslova og må ha ansvarsforsikring anten dei er eigde av utleiefirma eller privatpersonar. Denne endringa gjeld frå 1. september 2022 for elsparkesyklar eigde av utleiefirma og frå 1. januar 2023 for elsparkesyklar eigde av privatpersonar.

Sist oppdatert:

Trygg på elsparkesykkel