Detaljregulering for E134 Århus–Seljord vart vedtatt i Seljord kommunestyre 12.12.2019 (sak nr. 92/19). Prosjektet vart kunngjort som totalentreprise våren 2021. Bygging starta hausten 2021, og prosjektet vart ferdig sommaren 2022.

Statens vegvesen skal bygga ca. 600 meter ny E134, og eksisterande E134 skal utbetrast og tilpassast i begge endar. Total lengde for heile prosjektet er ca. 1150 meter.

Eksisterande E134 skal byggast om til gang- og sykkelveg og lokalveg. Gang- og sykkelvegen skal koplast til eksisterande gang- og sykkelveg i sør. Det skal òg byggast noko privat veg og traktorvegar.

Det er fjellskjæring på over 30 meter høgde i linja som må palles ned i 10 meter pallar. Det går høyspentlinje over fjellskjæring, og vi må rekna med tiltak/avgrensingar gitt av linjeeigar.

Gjennomsnittleg trafikk på strekninga er 2800 køyretøy per døgn.

Høsten 2021, E134-Århus-Seljord.
Høsten 2021, E134-Århus-Seljord. Foto: Statens vegvesen
Oversiktsbilete av ny veg med fjellskjeringar på begge sider av vegen.
Vegen vart opna i juli 2022. Foto: Dag Rune Kvålen, Statens vegvesen

Veg:
E134
Fase:
Opna
Kommunar:
Seljord
Fylke:
Vestfold og Telemark
Lengde:
1150 meter
Finansiering:
Stat
Totalkostnad:
75 mill.kr.
Antatt opna:
Juli 2022

E134 Århus–Seljord © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Kontaktar

Sigurd Wiberg

Prosjektleiar
Telefon:
95 24 29 30
E-post:
Sist oppdatert: