Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Både Etne og Vindafjord kommunar har no sluttbehandla planprogrammet for kommunedelplan for E134 Bakka-Solheim.

Dette skjedde i Vindafjord i april og Etne i mai. No går arbeidet vidare med å jobbe fram forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing. Etter planen skal desse utarbeidast til første halvår 2015, og vil da bli sendt på høyring.  Kommunane vil vedta planane og fastsetje trase for framtidig E134 i løpet av 2015.

Etne og Vindafjord sine vedtak om godkjend planprogram for kommuneplan finn du lenker til under denne artikkelen. 

Aktuelt for fylke: Vestland