Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

Utsikta utover Flatdal frå Nutheim skal leggjast til rette for alle. No byggjer vi eit utsiktspunkt som bringar den vakre dalen til turistane.

Utsiktspunktet  på Nutheim
Nutheim

I prosjektet E134 Gvammen-Århus har vi sett av rundt 40 millionar kroner til det som snart er «gamlevegen».  Ein del av pengane skal brukast til å byggje eit utsiktsbygg tett inntil vegen. Konkurransen om kven som skal byggje bygget, er allereie starta. Fristen for å kome med tilbod er 7. januar neste år.

To bygg

Mykje skal gjerast og to bygg skal byggjast.  Det eine er roperten, det traktforma utsiktsbygget, og det andre er servicebygg med toalett.  E 134 blir klassifisert om til å bli fylkesveg og får nytt namn: Fv. 3364. På motsett side av utsiktspunktet skal det lagast ein parkeringsplass for bilar, bussar og ikkje minst syklar.
Det traktforma bygget skal bli gode sju meter breitt ved inngangspartiet og smalne inn til under det halve i motsett ende. Her blir det ein heil glasvegg.  Heile bygget, som blir ni meter langt, vil delvis flyte i løyse lufta ut mot utsikta. Konstruksjonen vil bli slik at det også er god plass under overhenget.

Unikt i Telemark

- Inne i bygget vil det bli benker til å sitje på. Kontrakten som er lyst ut no er ein totalentreprise, opplyser Pål Engebretsen som skal vere byggjeleiar i det nye prosjektet.  Denne kontraktsforma betyr at entreprenøren som skal byggje også skal lage byggjeteikningar innanfor dei rammene som er sette.
I utsiktspunktet, som blir det fyrste i slaget sitt i Telemark, vil det også bli laga eit integrert opplegg for å formidle informasjon knytte til utsiktspunktet.  Fartsgrensa på staden vil bli regulert ned til 40 km/t.
Bygget skal stå ferdig allereie til sommaren og skal vere av høg arkitektonisk kvalitet.  Det blir også stilt strengje krav til dei ulike elementa sine detaljar, kvaliteten på arbeidet og kva materialar som skal brukast.

Attraksjon


- Ambisjonen er at utsiktspunktet skal bli ein attraksjon slik at ein har ein grunn til velje vegen utanom tunnelen og samtidig gjeste Nutheim, Svartdal og Hjartdal, seier byggjeleiar Pål Engebretsen i Statens vegvesen

Utsiktspunkt Nutheim på fv. 3364
Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark