Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Velkommen til digitalt folkemøte om grunnerverv, status og framdrift på E134 Røldal-Seljestad måndag 14. februar klokka 18. Møtet er ope for alle.

Målgruppa for møtet er naboar,  hytteeigarar, grunneigarar og alle som har interesse for prosjektet. Det vil vere høve til å stille spørsmål til prosjektleiinga, men vi gjer merksam på at vi ikkje kan svare på spørsmål knytt til privatpersonar og privat eigedom i møtet.

Møtet vert sendt live via Microsoft Teams (sjå lenke under). 

Praktisk informasjon:

Dato: Måndag 14. februar 2022 
Tid: 18:00 - 20:00.
Lenke til direktesending (klikk på lenka for å kome til sendinga). 

Send inn spørsmål på førehand 

For at vi skal kunne informere så godt som mogleg, og svara ut spørsmål frå publikum på best mogleg måte oppmodar vi til å sende inn eventuelle spørsmål på førhand til  ingrid.feet.bjorgo@vegvesen.no. Det vert og høve til å stilla spørsmål til prosjektet  direkte i chatten under møtet. 

Om prosjektet:

Prosjektering av fyrste byggjetrinn på strekninga frå Røldal til Seljestad er i gong. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet.

Den nye vegen omfattar også ein parsell med ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget på denne sida vert i fjellet ved Hesjabakkmyrane. Statens vegvesen reknar med å kunna lysa ut tilbodet rundt årsskiftet 2022/2023. Føresett at det vert løyvd midlar over Statsbudsjettet neste år kan anleggsarbeida for ny Røldalstunnel starte opp hausten 2023.

Utover våren i år vert det arbeidd med grunnlag for ein mindre kontrakt på  førebuande arbeid, med oppstart til hausten.

Det førebuande arbeidet som skal gjennomførast er mindre arbeider med etablering av ny bru til nytt parkeringsanlegg sør for elva på Seljestad, og arbeid med rydding av vegetasjon og stein ved tunnelpåhugg på Seljestad og Liamyrane. Ny veg mellom Røldal og Seljestad skal etter planen stå ferdig i 2029/2030. 

Oversiktskart som viser veglinja for ny veg i kart.
Det er strekninga lengst til venstre i kartutsnittet, Røldal - Seljestad, som er fyrste byggjetrinn, Foto: Statens vegvesen

 

Aktuelt for fylke: Vestland