Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Måndag 14. februar var det digital marknadsdialog for E134 Røldal-Seljestad. Her kan du sjå opptak av sendinga og laste ned presentasjonar.

 Her finn du opptak frå sendinga.  PDF av presentasjonanene som vart haldne på møtet finn du lengst ned på denne sida. 

Prosjektering er i gong på strekninga frå Røldal til Seljestad. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet.  Dersom Stortinget vedtar finansering av prosjektet i vår eller til hausten kan bygginga starte hausen 2023. Antatt kostnadsramme er 2 millardar kroner. 

Moglegheit for å avtala éin‐til‐éin møter via Teams

Vi ynskjer dialog med marknaden rundt kontraktsstrategien for å sikra involvering av bransjen. Entreprenørar som ynskjer éin-til-éin møter med prosjektet ikan kontakte prosjektleiar Beate Riisnæs på e-post beate.riisnas@vegvesen.no for å avtale nærare. Frist: 18. februar.