Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Dei arkeologiske utgravingane ved Seljestad er no ferdige, og i dagsona på Hesjabakk har dei funne spor av jernutvinning for over tusen år sidan.

Byggeleiar Frode Lykkebø og arkeolog Christine Tøssebro sitter ved ein av omnane som ble brukt til å utvinne jern for 1000 til 1500 år sidan - bilde
Byggeleiar Frode Lykkebø og arkeolog Christine Tøssebro ved ein av omnane som ble brukt til å utvinne jern for 1 000 til 1 500 år sidan. Foto: Statens vegvesen

Førebuingane til å bygge den 12,7 km lange tunnelen på E134 mellom Seljestad og Røldal er godt i gang. I sommar har det vore arkelogiske utgravingar i reguleringsområdet, og det resulterte i spanande funn.

– Her på Hesjabakk har me avdekka eit stort omnsanlegg med tre slagghaugar og minst sju kolgropar. Så det er tydeleg at det har vore jernproduksjon i ganske stor skala her, for 1 000 til 1 500 år sidan, seier arkeolog og utgravingsleiar Christine Tøssebro frå Universitetet i Bergen.

Ho visar fram ein firkanta steinformasjon midt i ein glenne i skogen. Dette er omnen i jernvinne-anlegget, og rundt den har dei funne fleire slagghaugar, der avfallsprodukta frå jernutvinninga har vore samla.

Ein klump av slagg frå jernproduksjon, i handa på arkeologen - bilde
Arkeologane har funne fleire store slagghaugar, der ein tydeleg ser at slagget har vore flytande og rent ut frå jernvinna. Foto: Statens vegvesen

Skal C14-daterast

– Me reknar ut volumet av slagghaugane for å finne ut cirka kor mykje jern dei har produsert, og i snitt reknar me at dei kunne produsere 0,7 kg jern per kilo slagg. Me skal også C14-datere kol frå kolgropane dei har etterlate seg. Det vil gje oss nøyaktig tidfesting av funnet, men me vil ikkje få svar å desse prøvene før om eit par månader, seier Tøssebro.

Ho anslår at anlegget har forsynt folk i eit vidt omland med jern, som nok blei brukt til å lage gårdsreiskap, naglar til byggverk og kanskje eitt og anna våpen. Det er også observert fleire kolgroper i eit vidt område rundt den regulerte vegtraseen, som blir liggande urørte også etter at vegen er ferdig. Jernvinna på Seljestad ligg like ved den eldgamle ferdselsveien over Haukelifjell, så produksjonen frå anlegget kan ha gått i fleire retningar.

I kolgropane finn arkeologane restar av kol, som dei brukte til å varme opp jernmalmen med. Noko av dette er sendt til C14-datering - bilde
I kolgropane finn arkeologane restar av kol, som dei brukte til å varme opp jernmalmen med. Noko av dette er sendt til C14-datering. Foto: Statens vegvesen

Grundig dokumentert

Byggeleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen har følgt nøye med på utgravinga frå sidelinja. Han og kollegaene er klare for å starte på den nye ferdselsvegen mellom Seljestad og Røldal, no etter dagens standard med gul midtlinje og tunnel gjennom fjellet.

– Det har vore svært interessant å følgje arkeologane sitt arbeid. Spora etter jernutvinning her har vore kjent i alle fall sidan 90-talet, og no får vi det grundig dokumentert. Størrelsen på anlegget er det som har overraska meg mest – at dei har drive nærmast fabrikkutvinning av jern for over tusen år sidan, seier Lykkebø.

Han kan fortelje at KS2-prosessen for E134 Seljestad–Røldal er ferdig, og no ventar dei på at Stortinget skal vedta stortingsproposisjonen for veganlegget.

Byggeleiar  Frode Lykkebø viser ny trase for E134 - bilde
Den nye tunnelen skal gå inn i fjellet til venstre, mellom Frode Lykkebø og trafostolpen i bakgrunnen. Foto: Statens vegvesen

Tunnelen løyser utfordringar

– Vi er i gang med noko førebuande arbeid, slik som grunnerverv og forhandlingar med grunneigarar om å løyse inn grunn. Og me ser veldig fram til å komme i gang med å bygge vegen, seier Lykkebø.

Ny E134 skal gå inn i tunnel ved Hesjabakk på Seljestad, og tunnelen munner ut 12,7 km lenger aust. Det nye tunnelen gjer at ein vil sleppe å køyre opp Seljestad-svingane, og ved Røldal treng ein ikkje lenger å sleppe seg heilt ned til Røldalsvatnet, då den nye tunnelen kjem ut oppe ved Liamyrane, på austsida av Røldal tettstad.

– Dei gamle tunnelane er for låge og for trange, og det er så vidt dei store lastebilane klarar å bruke dei. Men største problemet er vel eigentleg vinterforholda i stigningane opp til tunnelane og mellom dei, seier Lykkebø.

Vegprosjektet E134 Seljestad–Røldal skal bygge eitt løp av den 12,7 km lange tunnelen. I planane er det regulert for toløps-tunnel, men løp nr 2 kjem når behovet og økonomien tilseier ei utviding av veganlegget.

Aktuelt for fylke: Vestland