Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

14. juni godkjende Stortinget planane for Bypakke Ålesund. No ligg alt klart til å starte ei omfattande opprusting og utbygging.

Allereie frå hausten vil ein starte opp med dei første prosjekta.

- I starten blir det nokre mindre prosjekt som skal lette framkome for buss gjennom lysregulering. Det skal òg gjerast mindre tiltak for trafikksikring for born. Men i løpet av 2022 vil enda fleire og større prosjekt blir satt i gang, seier seksjonsleiar Liv Kjersti Finholt.

Vedtaket i Stortinget i går markerer ei viktig vegskilje for kommunen vår.

- Vedtaket var kjempeviktig. No kan vi endeleg kome i gang og arbeide systematisk med dei måla og prosjekta som ligg i Bypakke Ålesund.  Dette har vi venta på, og innbyggarane vil dei neste åra oppleve at Ålesund blir ein betre by å bu i for både trafikantar, syklande, gåande og ikkje minst alle skoleborn som skal få tryggare skolevegar, seier Finholt.

Etter planen skal ein starte innkrevjing av bompengar første halvår 2022. Bypakke Ålesund har ei kostnadsramme på 4.020 millionar kroner. Om lag halvparten går med på å bygge ny vegtunell frå Moa til rundkøyringa på Lerstad.

Tore Johan Øvstebø har leia styringsgruppa som har arbeidd politisk med Bypakke Ålesund.

Oversiktsbilde over bydel i Ålesund
Her kjem Lerstadtunellen

 - Vi har strevd med å finne plass til små samferdselsprosjekt i kommunebudsjettet. No har Stortinget vedtatt ei utbygging av samferdsel i Ålesund for 4000 millionar kroner! Dette er ei samling prosjekt vi har ønska å få på plass lenge, som er gryteklare og som utviklar heile byen.

-Dette løyser ikkje alle utfordringane våre. Vi må også få på plass innfartsparkering, samanhengande sykkelvegar og løyse fleire andre flaskehalsar som bypakken ikkje tek tak i. Men no er det grunn til å glede seg over dei mange prosjekta som vert realisert, seier Øvstebø.

Bypakker er utskjelt på grunn av bompengane. Det er Øvstebø klar over.

-Det er forståeleg. Men dette er den norske måten å få fart på vegbygginga. Det kan vi like eller ikkje like, men å vente på at staten tek heile rekninga er å stikke hovudet i sanden. No er vi i gang. Ein bypakke er eit Kinderegg fordi det løyser mange utfordringar samtidig og får prosjekta til å henge saman, seier Øvstebø.

Han meiner bypakken blir bra for folk flest, for næringslivet og for byutviklinga.

- No kan sørsideutviklinga skyte fart for alvor - men ikkje berre der. Det kjem til å skje store og små endringar på Hessa, Lerstad, Ellingsøy, Volsdalen, Campus, sjukehuset, Moa, Blindheim og Flisnes, seier han.

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal