Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Det reviderte planprogrammet for E136 Flatmark-Monge-Marstein er ute på ei avgrensa høyring. Vegvesenet utset no høyringsfristen til 24. september.

Årsaka til utsetjinga er tilbakemeldingar i etterkant av informasjonsmøtet i Rauma kulturhus 1. september.

- Vi fekk då spørsmål om å utsetje høyringsfristen, som til no har vore 7. september. Vi har og fått spørsmål om dette frå ein av høyringspartane. Det er viktig for oss at dette blir ein god prosess der alle høyringspartane får nok tid til å setje seg inn i det nye alternativet som er foreslått på strekninga og anledning til å uttale seg. Vi har difor valt å utsetje høyringsfristen til torsdag 24. september, seier prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.

Høyringspartane til det reviderte planprogrammet for E136 Flatmark-Monge-Marstein er grunneigarane på strekninga mellom Flatmark og Skiri, interesseorganisasjonar, Bane NOR SF, Direktoratet for mineralforvaltning, Rauma kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren, Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Rauma Energi AS og NVE.

Nytt alternativ

I den reviderte versjonen av planprogrammet har vi inkludert eit nytt alternativ (alt. 4) mellom Flatmark og Skiri.

Dette alternativet kryssar over Raumabana og ligg nærmare Rauma elv, og ny E136 blir då liggjande i lenger avstand frå Kors gamle kyrkjestad.

Vegen går også inn i Kjerkeura på sørsida av gardstunet på Nordre Flatmark og blir liggjande nærmast parallelt med Raumabana. Alternativet medfører dessverre at våningshusa på Nordre Flatmark må innløysast.

Les meir om dette nye alternativet i det reviderte planprogrammet.

Presentasjonar frå informasjonsmøte

Vegvesenet sine presentasjonar frå det opne informasjonsmøtet i Rauma kulturhus 1. september er tilgjengeleg for nedlasting nedst på denne sida, sjå under «Last ned».

Kontakt

Dersom du har spørsmål om det reviderte planprogrammet eller planlegginga av ny E136 Flatmark-Monge-Marstein, ta gjerne kontakt med oss på følgjande måtar:

  • Prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post: , tlf. 909 22 459
  • Planleggingsleiar Gisle Fossen, e-post: , tlf. 975 11 892
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal