Tysdag 7. september inviterte Statens vegvesen og Bane NOR til digitalt møte med fokus på søknaden om sjødeponi og handtering av massar. Sjå opptak!

Dato: 07.09.2021
Tidspunkt: 19.30-21.00
Sjå opptak av møtet: Klikk her

Prosjektet E16 og Vossebanen Arna Stanghelle vil få eit stort overskot av massar. Mange nye tunnelar gir eit masseoverskot på meir enn 10 millionar m3 tunnelstein, eit volum som tilsvarar cirka 330 rådhus i Bergen. Vegvesenet og Bane NOR arbeider kontinuerleg med å finne samfunnsnyttig bruk av disse enorme overskotsmassane.

Møtet tysdag 7. september handlaom arbeidet med massehandtering. Det vart særleg fokus på søknad om sjødeponi som Statsforvaltaren i Vestland har lagt ut til offentleg høyring. Ein fekkmeir detaljert informasjon om bakgrunn for søknaden, løysingar og lokalitetar som er valt, og miljøundersøkingar som er gjennomført.

Det vart mogleg å stille spørsmål i chat til prosjektleiinga og fagpersonar. 

Det blei også arrangert folkemøte 25. og 26. august. Her kan du sjå opptak av møta.

Vi du vite meir om prosjektet?

Aktuelt for fylke: Vestland