Bygging av ny E16 over Filefjell starta i 2010 og var fullført hausten 2020. Ny veg og tre tunnelar gir svært god vegstandard over fjellet mellom Valdres og Lærdal.

E16 Filefjell går frå Øye i Valdres til Borlaug i Lærdal. Prosjektet gjekk ut på ombygging til riksvegstandard, dels langs eksisterande veg, og dels i ny trase.

Det overordna målet med vegprosjektet var å betre regulariteten, redusere transportkostnadane, minske risiko for trafikantane og skape ei sikrare og betre transportåre mellom Austlandet og Vestlandet. E16 Filefjell er den fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet som har desidert best regularitet på vinterstid.

Prosjektet hadde ein utbyggingskostnad på rundt 3,5 milliardar kroner, og siste delstrekning stod ferdig i 2020.

Veg:
E16
Fase:
Opna
Kommunar:
Vang, Lærdal
Fylke:
Innlandet, Vestland
Omfang:
ca. 40.000 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2010-2019
Totalkostnad:
3,50 milliarder. (2018-kroner)
Oppstart:
2010
Antatt opna:
2020

E16 Filefjell © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Askedalen 4 6863 Leikanger

Kontaktar

Odd Erik Haugen

Prosjektleiar E16 Filefjell
Telefon:
95 04 60 57
E-post:

Sist oppdatert: