Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

Føremålet med planarbeidet er å sikre E16 mot skred, og å erstatte dei eksisterande tunnelane i Stalheimskleivi.

I samråd med Aurland og Voss kommunar melder Statens vegvesen oppstart av utarbeiding av reguleringsplan med konsekvensutgreiing på strekninga frå Hylland i Aurland kommune til Sleen i Voss kommune. Det er utarbeida utkast til planprogram for konsekvensutgreiinga og planarbeidet.

I samband med planarbeidet arrangerer Statens vegvesen ope møte på  Haugsvik ungdomshus torsdag 29. august kl. 18.30.

Merknader til planarbeidet og til planprogrammet må sendast Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER innan 13. september.

Vår kontaktperson er Ingar Hals, tlf. 97 47 33 61,

Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland